Reise og opphald
Alta er Finnmarks største by og ligg lengst inne i Altafjorden. Med direkteflygingar frå Gardemoen (Norwegian, SAS, Widerøe), er reisetida berre to timer frå Oslo. Om ein reiser frå utlandet, er ein nøydd til å fly via Oslo eller Tromsø. Frå flyplassen er det ca. 10 minutt køyring til sentrum med drosje eller buss.

Det er også mogleg å komme seg til Alta med buss eller privatbil. Hurtigruten er også ein moglegheit, men den legg til kai i Hammerfest og det er 2 timers reisetid til Alta. 

Det er fleire hotell i sentrum som ligg nær campus: Thon Hotel AltaScandic Hotel Alta og Canyon Hotell.

Lokale
Konferansen blir arrangert på UiT sin campus som ligg berre ein kort spasertur unna sentrum – kart over campus finn du her: Campus Alta | UiT.

Kart

----------------------------------------------------------

Tips og forslag til vidare reisemål
For dei som vil bruke litt ekstra tid i området finst det elles arrangørar som tilbyr kortare turar, til dømes gåturar, og vi oppmodar til å ta kontakt direkte med Visit Alta, eller turoperatørane ved interesse for andre turar. Elles kan vi tipse om at festivalen Alta Live finn stad fredag 19. og laurdag 20. august med profilerte artistar som Mari Boine, Vamp og Kjartan Lauritzen med fleire.

Turoperatørar Alta

  • Altaturer: Lise Ottem arrangerer og skreddersyr ulike gåturar både i Alta-området, og Troms og Finnmark. August er ein fin månad for dét!) For nærturar i Alta, er Lise Ottem si bok Altaturer til inspirasjon.
  • Æventyr for kortare besøk på fjellstue, og som utgangspunkt for gåturar til Alta Canyon eller Orvvos-fossen

Reise vidare over Finnmarksvidda
Den tidlegare annonserte ekskursjonen til Kautokeino torsdag 18. august går ut som ein organisert del av sjølve konferanseprogrammet. Men om de vil ta turen, har vi samla nokre tips for sjåverdige stader i Kautokeino og Karasjok her.

Det går å vitje Kautokeino og Karasjok på ein dag, men det er relativt lange avstander. Det tar cirka 2 timar å køyre frå Alta til Kautokeino, frå Alta til Karasjok tar det drøyt 2 timar, om lag det same mellom Kautokeino og Karasjok. Vi tilrår leigebil, då kan de køyre til både Kautokeino og Karasjok på ein dag. Om de reiser Alta-Kautokeino-Karasjok-Alta, vil det vere om lag 7 timar i køyretid, så vi rår dykk til anten å overnatte i Kautokeino onsdag 17. - torsdag 18. juni, eller overnatte i Alta og starte tidlig torsdag morgen. Dersom de planlegg å reise etter klokka 13, vil de vere i Kautokeino om lag klokka 16 med litt førebuing og pakking inkludert i tidsskjemaet. Vi tilrår at de legg inn ekstra tid på vegen og nyt synet av Finnmarksvidda, Pikefossen og kan hende rein/elg/ørn undervegs. Elles er det bra å vere klar over at det er få stader å ete eller handle på vegen, så det er tilrådd at ein tar med niste.

Kautokeino

  • Juhls sølvsmie har vakre kunstverk, smykkekunst og tradisjonelle samiske smykke
  • I Kautokeino er eit lite museum med mellom anna eit tun med gamle lafta bygg. I tilknytning til dette, er det ofte skiftande kunstutstillingar med samisk kunst.
  • Høgskulen, Sámi Allaskuvla, er også fin, og ei vandring der er alltid spennande, med mykje fin samisk kunst, og et imponerande møtebord med øyremerke for rein som dekorasjon.
  • Sokki Adventure tilbyr opplevingar med samisk kultur, som mat, lavvu-levesett og anna. Dei har blant anna ei ‘opplevingspakke’ til 1250 kroner.

Karasjok