Konfersanseavgift og påmelding
Deltakaravgift (NOK 1000 ordinær pris og NOK 500 for studentar) kan betalast ved å følgje denne lenka til påmeldingsskjemaet for konferansen: https://www.deltager.no/register/#/Dialektolog2022.

Påmeldingsfristen er 1. august 2022. 

Lunsj og kaffe under konferansedagane er inkludert i deltakaravgifta. Første dagen er det omvising på Alta Museum. Guiding på norsk og engelsk er inkludert i deltakaravgifta, i tillegg kjem kr. 125,- per person i inngang til museet. 

I påmeldingskjemaet vil dokker også finne påmelding til konferansemiddagen. Konferansemiddagen er på Sami Siida, og er ein enkel trerettar til NOK 450. Drikke kjem i tillegg. Dokker kan velje mellom reinkjøtt og laks som hovudrett, og kjøkenet kan sjølvsagt også gjere andre tilpassingar i menyen. Det er fint om dokker nemner eventuelle diettønske og/eller andre tilpassingar i påmeldingsskjemaet.

-------------------------------------------

Innsending av konferansebidrag og plakatpresentasjonar 
Frist for innsending av ordinære, sjølvstendige bidrag til konferansen er (utvida til) 1. april 2022. Bidraga kan vere anten ordinære konferanseføredrag på 20 minutt pluss diskusjon i parallelle sesjonar inkludert verkstadane, eller plakatpresentasjonar («posters»). I begge tilfelle skal eit samandrag på maksimum 300 ord eksl. tittel, namn, institusjon og referansar sendast inn via EasyChair. Samandraga vil bli granska av arrangementskomiteen i samarbeid med eksterne fagfeller. Ved innsending vil ein bli beden om å oppgi om samandraget skal vurderast for føredrag eller plakat eller begge delar.