vår 2024
LER-1123 Norsk fellesemne - 15 stp

Emnetype

Emnet er eit obligatorisk emne i grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.

Forkunnskapskrav

Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning 1.-7. trinn.


Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

LER-1103 Norsk fellesemne 15 stp
LER-1104 Norsk fellesemne 15 stp
LER-1110 Norsk fellesemne 15 stp

Innhold

I dette emnet skal studentane utvikle kunnskapen sin om tekst og om ulike tilnærmingar til arbeid med tekst. Dei skal sjølv lese, skrive og framføre tekstar, og det blir lagt vekt på å utvikle den munnlege kompetansen.

Studentane vil få kunnskap om norsk grammatikk som system og som reiskap for å analysere og vurdere elevtekstar og for å gi respons på tekster av medstudentar. Av litteratur vil det bli lagt vekt på barnelitteratur og folkediktning som eventyr og sagn, særleg norske og samiske.


Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har:

  • kunnskap om språket som system med vekt på morfologi, syntaks og tekstgrammatikk
  • kunnskap om språket i bruk og språkleg variasjon og norm
  • kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kunnskap om ulike tilnærmingar til lesing, skriving, munnleg kommunikasjon og til arbeidet med litteratur og lesestrategiar
  • kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar, med vekt på litteratur for barn

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale elevtekstar og kan gi læringsfremmande respons
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • meistrar skriftleg bokmål og nynorsk

Kompetanse

Studenten:

  • kan vurdere og reflektere over eigen fagleg aktivitet og sjå den i samanheng med elevanes arbeid i faget
  • kan legge til rette for at elevane blir trygge språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan identifisere norsklærerens rolle og oppgåver knytt til lesing, skriving og munnlegheit som grunnleggande ferdigheiter

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisnings- og eksamensspråket er norsk. Målfrom på skoleeksamen er nynorsk.

Undervisning

Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir lagt vekt på at studentane får utvikla sine grunnleggande språklege ferdigheiter, særleg sine munnlege ferdigheter gjennom arbeidsformer som forteljarverkstad, høgtlesingsverkstad og ulike munnlege framføringar. Studentane skal dele sine tolkingar og oppleving av litteratur gjennom samtale og andre kreative tilnærmingar.

Kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med instituttets retningslinjer.

Praksis

For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.


Eksamen

Vurderingsform: Dato: Varighet: Karakterskala:
Hjemmeeksamen 07.05.2024 09:00 (Utlevering)
08.05.2024 13:00 (Innlevering)
2 Dager A–E, stryk F

Obligatoriske arbeidskrav:

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen:

Tilstedeværelse Godkjent – ikke godkjent
Skjønnlitterær tekst Godkjent – ikke godkjent
Grammatikktest Godkjent – ikke godkjent
Muntlig fremføring Godkjent – ikke godkjent
Notat Godkjent – ikke godkjent
UiTs samleside om eksamen

Mer info om arbeidskrav

  • 70 % deltaking på undervisning
  • ein skjønnlitterær tekst (maks 2000 ord) skrive i eit prosessorientert løp med eigenvurdering og respons til medstudent
  • ein grammatikktest
  • munnleg framføring i gruppe med respons til andre grupper
  • to notat. Notat kan utformast for eksempel som refleksjonstekst knytt til teori og praksiserfaringar (inntil 1200 ord), som multimodal, digitale tekst, som munnleg framføring eller som nettdiskusjon.

Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.


Kontinuasjonseksamen

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen i dette emnet. Eksamen kan avholdes på et annet campus.
  • Om emnet
  • Studiested: Finnsnes |
  • Studiepoeng: 15
  • Emnekode: LER-1123
  • Tidligere år og semester for dette emnet