høst 2023
NOR-3135 Nordiskfaget og samfunnet - 10 stp

Emnetype

Emnet kan takast som enkeltemne og er eit valemne på master i nordisk språk og litteratur og lektor i språk og samfunnsfag for trinn 8-13, studieretning nordisk.

Opptakskrav

Søknadskode 9371 - Enkeltemne på masternivå.

Opptakskrav: bachelorgrad eller tilsvarende grad i nordisk språk og litteratur. Grada må ha ei fagleg fordjuping på minimum 80 studiepoeng i norsk språk og litteratur på morsmålsnivå, med 60 studiepoeng (stp.) på 1000-nivå og 20 stp. på 2000-nivå. Som eit unntak kan emne utanfor grada takast med som ein del av fordjupinga. Kontakt instituttet for nærare informasjon om dette.

Det er òg krav om gjennomsnittskarakter på C (2,5) eller betre. Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emna som inngår i grunnlaget for opptak (bachelorgraden, 180 stp.). Emne med vurderingsuttrykk 'bestått' blir ikkje tatt med i utrekninga.

I merknadsfeltet må du oppgje emnekoden på emnet du ynskjer å søke opptak til.


Innhold

Emnet tek opp den rolla nordiskfaget har for forvaltninga av norsk språkpolitikk og ivaretakinga av norsk som samfunnsberande språk i Noreg. Språkplanlegging og litteraturpolitikk blir tematisert og drøfta. Historiske, faghistoriske så vel som nåtidige perspektiv blir lagt til grunn, og også komparative nordiske perspektiv og samanlikningar med andre land er aktuelle.

Hva lærer du

Etter greidd emne har studentane opppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskaper

Studenten har:

  • utvida kunnskapar om den politiske språkhistoria i Noreg frå 1814 fram til i dag
  • kunnskapar om den faghistoriske utviklinga i nordiskfaget
  • innsikter i samspelet mellom politikk, forvaltning, skulefaget norsk og universitetsfaget nordisk
  • kunnskapar om det litterære system i Noreg, om litterær vurdering og om litteraturarbeidet i skulen
  • kunnskapar om litteraturformidling og korleis ein litterær kanon blir danna

Ferdigheter

Studenten kan:

  • gjere greie for kvifor nordiskfaget er sentralt for norsk skule og samfunnsliv
  • drøfte språkspørsmål i eit politisk perspektiv
  • diskutere rolla skjønnlitteraturen og sakprosaen spelar for utviklinga av nasjonalspråket
  • demonstrere kunnskap og evne til sjølvstendig fagleg drøfting

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråket er norsk og eventuelt andre skandinaviske språk. Undervisning på engelsk førekjem berre unntaksvis. Pensumlitteraturen vil vere på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.

Undervisning

Emnet er samlingsbasert hausten 2023 (3 samlingar) og har eit omfang på omlag 26 undervisningstimar totalt i form av førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Veker utan undervising skal nyttast til sjølvstudium.

Kvalitetssikring av emnet:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.


Eksamen

Vurderingsform: Dato: Varighet: Karakterskala:
Muntlig eksamen 01.12.2023 09:00
30 Minutter Bestått – Ikke bestått

Obligatoriske arbeidskrav:

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen:

Skriftlig arbeid eller opptak av en muntlig presentasjon om tema valgt i samråd med faglærer Godkjent – ikke godkjent
En muntlig presentasjon om et tema som ligger innenfor emnet Godkjent – ikke godkjent
UiTs samleside om eksamen

Mer info om arbeidskrav

Følgjande arbeidskravmå vere godkjende av faglærer innan fastsett frist før ein kan framstille seg for eksamen:

  • eit skriftleg arbeid eller opptak av munnleg presentasjon om eit tema innanfor emnet, valt i samråd med faglærar, som skal gjerast tilgjengeleg for kursdeltakarane
  • ein munnleg presentasjon om eit tema som ligg innanfor emnet, valt i samråd med faglærar

Arbeidskrava er gyldige i eitt semester.


Mer info om vurderingsform muntlig eksamen

Førelesinga skal vare i inntil 30 minutt der minst fem og høgst ti minutt av tida skal setjast av til spørsmål og kommentarar frå eksaminatorane og eventuelt publikum som er til stades. Førelesinga skal normalt vere open. Dersom særlege forhold tilseier det, kan kandidaten få høve til å førelese berre for eksamenskommisjonen.

Kontinuasjonseksamen

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen i dette emnet.
  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: NOR-3135
  • Tidligere år og semester for dette emnet