Derfor har UiT signert Barcelona-erklæringa

Openheit har ein grunnleggjande verdi for forsking og kunnskapsutvikling. Til det betre for forskinga og samfunnet, har forskinga blitt stadig meir open.

Person gransker funn på laboratorium
Openheit har ein grunnleggjande verdi for forsking og kunnskapsutvikling, understrekar artikkelforfattarane. Foto: UiT

Dette gjeld fleire delar av forskingsprosessen: forskingsresultat blir publiserte med open tilgang, forskingsdata blir delt
ope, det same med kjeldekode, labbøker, osv.

Men forskingsinformasjonen dvs. metadata om forskningsresultat, finansiering, organisasjonar, bidragsytarar osv. er derimot fortstatt i stor grad låst bak betalingsmurar og i proprietære system. Dette hindrar rettvis tilgang, fordi
det ikkje er
alle forskingsinstitusjonar som kan ta seg råd til å kjøpa dyre tenester som Scopus eller Web of Science. Internasjonale universitets-rangeringar støttar seg også på slike lukka system for forskingsinformasjon. Dette gjer at kåringane blir lite transparente. 

UiT Noregs arktiske universitet er det første norske universitetet som signerer Barcelona-erklæringa for open forskingsinformasjon. Dette er ikkje berre ei symbolsk handling, men ekonkret forplikting til å bidra til meir opne, transparente og rettvise system for forskingsinformasjon.

Her er fire grunnar til at UiT har signert Barcelona-erklæringa:

1.
Openheit som norm. Openheit og transparens er ein styrke som gir eit betre grunnlag for
beslutningsprosessar, kunnskapsdeling, samarbeid og innovasjon.
Barcelona-erklæringa
forpliktar oss til å gjera openheit til standarden for forskingsinformasjon. Dette gjeld
ikkje
berre
i forskingsproduksjonen, men også informasjon vi brukar på andre måtar, slik som
metadata for å evaluera forsk
ing og forskarkarrierer, og som eit grunnlag for strategiske
avgjersler.


2
. Meir rettvise system og tenester. For å oppnå openheit må me bruka system som støttar
opne standardar. Mange forskingsdatabasar i dag, som Scopus og Web of Science, avgrensar

tilgangen til metadata. Dette skapar ulikskapar i kven som kan bruka informasjonen. Opne

løysingar, som OpenAlex, g
ir fri tilgang til bibliografiske data. Slike løysingar er avgjerande
for å sikra rettvis tilgang til forskingsinformasjon.


3
. Stønad til opne infrastrukturar. Openheit krev robuste infrastrukturar. UiT bidrar
allereie gjennom
ulike tenester, med ope vitenarkiv (Munin), dataarkiv (DataverseNO), og
publiseringskanal (
Septentrio) som gjer metadata fritt tilgjengelege for alle. Ved å signera
Barcelona
-erklæringa forpliktar vi oss til å støtta, utvikla og bruka opne infrastrukturar, og
det er ei investering i framtidas forskingssystem.


4. Samarbeid for
openheit. Overgangen frå lukka til opne system krev kollektiv innsats.
Barcelona
-erklæringa oppfordrar til samarbeid mellom institusjonar for å dela erfaringar og
koordinera tiltak. Å vera ein del av denne globale rørsla er ein styrke for UiT. UiT er det

f
ørste norske universitetet til å signera Barcelona-erklæringa, vi håpar vi ikkje blir det siste.
Vi oppfordrar alle norske universitet og forskingsinstitusjonar til å bli med. Saman skapar vi

eit forskingssystem der openheit er normen, ikk
je unnataket.

Portrettbilde av Ekanger, Aysa
Ekanger, Aysa aysa.ekanger@uit.no Forsknings- og publiseringsstøtte, Open Access
Portrettbilde av Raade, Johanne
Raade, Johanne johanne.raade@uit.no Direktør ved Universitetsbiblioteket
Portrettbilde av Strand, Bror-Magnus S.
Strand, Bror-Magnus S. bror-magnus.s.strand@uit.no Open vitskap
Portrettbilde av Jan Gunnar Winther
Jan Gunnar Winther prorektor forskning, UiT
Publisert: 02.07.25 09:48 Oppdatert: 02.07.25 10:00
Innlegget er en del av UiT sitt Forskerhjørne, hvor forskere ved UiT formidler sin egen forskning.
Forskerhjørnet Om UiT