Ei framtidsretta kraft i nord

Solbakk, Mona
Publisert: 20.01.09 10:18 Oppdatert: 20.01.09 10:24

Pressemelding fra UiT og SIU (Senter for internasjonalisering av høgre utdanning):


Korleis kan høgare utdanning bidra til å møta utfordringane ein står ovafor i nordområda? Tidlegare NRK-journalist Bjørn Hansen leiar debatten i Tromsø 22. januar. 

Høgare utdanning spelar ei viktig rolle både når det gjeld naturressursar og samfunnsutvikling i ein landsdel med full fart inn i framtida. 21.-23. januar 2009 arrangerer SIU og Universitetet i Tromsø konferansen Higher Education - A Key to Future Development in the High North, i Tromsø.

Konferansen presenterer eksempel på samarbeidsprosjekt frå Norden, Nord-Amerika og Russland. På dagsorden står blant anna klimaforsking og oljesamarbeid, og føredragshaldarane er henta frå akademia, næringsliv og politiske organ.

Statssekretær Jens Revold opnar konferansen, medan journalist og tidlegare utanrikskorrespondent Bjørn Hansen leiar debatten. Sentrale spørsmål er korleis høgare utdanning kan stå fram som ei sterk drivkraft for utviklinga i nord blant anna gjennom utvikling av fellesgrader og forsking, og kva rolle utdanningsinstitusjonane kan ha i spelet mellom samfunn, politikk- og næringslivsinteresser.

SIU inviterer med dette presse og andre interesserte til å delta på vår internasjonale konferanse for større kunnskap og nye perspektiv rundt høgst aktuelle tema knytt til Nordområda.

For meir informasjon sjå vedlagd program eller klikk her

Tid og stad: 21.-23. januar/Scandic Hotel, Tromsø.

Kontakt:
Informasjonsleiar/SIU: Hanne Alver Krum
, hanne.krum@siu.no,
mobil: 90 78 76 91.

Solbakk, Mona
Publisert: 20.01.09 10:18 Oppdatert: 20.01.09 10:24
Vi anbefaler