På rett veg

I september gikk studentar og tilsette i tog mot nedbemanning. Hard sparing og ekstratildelingar gjer at situasjonen no ser lysare ut enn på lenge. Det forventa underskotet på 36 millionar kroner i 2008 har skrumpa inn til 8,5.

Wærås, Torgunn
Publisert: 18.11.08 00:00 Oppdatert: 18.11.08 15:15

18. september var det demonstrasjonstog på campus i protest mot universitetsstyret sitt moglege vedtak om nedbemanning ved Det medisinske fakultet. Foto: Gunnar Graff
- Kan me stole på desse tala, fakultetsdirektør Stig Ørsje?

- Alle einingar har gått gjennom økonomien og kvalitetssikra. Derfor er me temmeleg sikre  på at det berre vil vere snakk om små avvik frå denne prognosen.

Det har vore eit tøft år for fakultetet, med sparing over heile linja. Rekneskapet viser at sparetiltaka har monna.

- Me går mot ein fusjon i året som kjem. No får me eit mykje betre utgangspunkt enn me frykta.

Først prognoser om minus 36 millionar som så har skrumpa inn til eit forventa underskot på 8,5 millionar kroner. Kva slags økonomistyring er dette, vil kritikarar spørje.

- I tala ligg 13 millionar kroner i ekstratildelingar no i haust som vi ikkje kunne ha forskottert. Frå prognosane først på året har vi i tillegg hatt reelle innsparingar knytt til streng praktisering av stillingsstopp, investeringsstopp og forsinkingar i oppbygginga av tannlegeutdanninga, seier Ørsje, og legg til:

- Me er på rett veg når det gjeld økonomistyringa, men må framleis bli betre på budsjettering, periodisering og oppfølging.

Nytt stort minusbudsjett?

Fakultetet står framfor nye, store utfordringar. Det er eit gap på over 17 millionar kroner mellom førebels tildelt ramme for neste år (306 millionar kroner) og budsjettinnspela til einingane. Dersom ikkje noko blir gjort, kan drifta i 2009 altså gå med 17 millionar kroner i minus. Det forventa underskotet frå 2008 vil bli dratt med i tillegg.

- Me har ein svært lite tilfredsstillande driftssituasjon. Drifta har vore stramt kjørt i lang tid og folk har vore kjempeflinke til å spare. Men i lengda går ikkje dette. Derfor må fakultetet lage ein plan for omstilling slik at me kan komme i ein god situasjon for drifta. Det viktige er å skaffe fagmiljøa gode rammer for å kunne drive med forsking og undervisning, seier Ørsje.

Oppskrift for balanse

Fakultetsdirektøren si oppskrift på å få ei drift i balanse, er:

  • Å redusere bemanninga til berekraftig nivå
  • Auke inndekninga av fakultetet sine kostnader i eksterne prosjekt
  • Bli betre på å skaffe eksterne pengar til forsking

Omstillingsarbeidet er allereie i gang som følje av fusjonen og i kjølvatnet av biologievalueringa. Fakultetet har mellom anna oppretta arbeidsgrupper som skal sjå nærmare på organiseringa og bemanninga ved Institutt for klinisk medisin og Institutt for medisinsk biologi. Universitetsstyret har også vedtatt at fakultetet må lage ein realistisk plan for å komme i økonomisk balanse innan 01.01. 2012. I dette ligg også krav om ein plan for bemanning.

 

Reknestykket

Fakultetet tok med seg eit underskot på 20 millionar kroner inn i 2008. I tillegg meldte institutta inn underskotsbudsjett med eit samla overforbruk på nesten 16 millionar kroner. I januar såg det derfor ut til at fakultetet ville få eit underskot på til saman 36 millionar kroner ved utgangen av året. Men dei siste par månadene har prognosane sett betre ut, og tala frå oktober peikar mot eit overforbruk på drift på 1,5 millionar. I tillegg har fakultetet fått ekstratildelingar knytt til tannlegeutdanninga på 10 millionar kroner og andre tildelingar på 3 millionar. Dermed er det forventa driftsresultatet ikkje lenger minus 16 millionar, men pluss 11,5 millionar. Dette vil bli brukt til å få ned underskotet på 20 millionar frå i fjor, og dermed blir forventa utgåande balanse 8,5 millionar kroner i minus, eller negativ avsetning som det også kallast. Universitetsstyret har handsama økonomien til fakultetet fleire gonger. I forkant av styremøtet 18. september, gikk både tilsette og studentar ved Det medisinske fakultet i demonstrasjonstog  for å protestere mot mogleg vedtak om nedbemanning. Vedtaket i saka (S-47-08) på akkurat dette punktet vart: "Styret forutsetter at nedbemanningene som måtte være nødvendig gjennomføres slik at de ansatte og fakultetets prioriterte områder blir ivaretatt på en god måte".

 

 

 

 

Wærås, Torgunn
Publisert: 18.11.08 00:00 Oppdatert: 18.11.08 15:15
Vi anbefaler