Spennande utvekslingsmoglegheit for UiT-studentar
Bachelor-studentar ved Handelshøgskolen ved UiT vil truleg snart kunne ta eit semester ved universitetet i Szeged i Ungarn. Ordninga er mogleg takka vera EUGLOH-alliansen.
– Szeged er ein sentral studentby og eit regionsenter og turistmål ved elva Tisza i Ungarn. Ein stor del av turistaktiviteten deira er knytt til spa og bad. Det er spennande for oss å sjå på moglegheita for eit samarbeid når det gjeld både utdanning og forskning, seier instituttleiar ved Handelshøgskolen ved UiT, Mette Talseth Solnørdal.
Denne veka deltek ho på toppmøtet til universitetsalliansen EUGLOH, som i år blir arrangert av universitetet i Szeged. Der har ho mellom anna møtt representantar frå fakultetet for økonomi og turisme som har mange likskapstrekk med Handelshøgskolen. Fakultetet har rundt 90 vitskapleg tilsette, 20 administrativt tilsette og rundt 2000 studentar og tilbyr mellom anna ein engelskspråkleg bachelor i økonomi og administrasjon og ein i turisme.
– Me ser mange parallellar mellom dei og Handelshøgskolen, særleg når me no får innfasa fagmiljøet for turisme frå Alta frå 1. juli, seier Solnørdal.
Fint å byggja djupare relasjonar
Direktør for internasjonalt samarbeid ved Szeged universitet, Ildikó Pusztai-Varga, seier dei er glade for å ha funne ein så lik samarbeidspartnar som UiT.
– Me er glade for å vera med i denne universitetsalliansen, men det er ikkje alltid så lett å ha oversikt over alle aktivitetane hos partnaruniversiteta, særleg år EUGLOH er primært bygd opp rundt global helse. Så det er alltid fint å finna like fakultet og institutt blant partnarane der me kan byggja ein djupare relasjon gjennom studieløp og studieprogram, seier Pusztai-Varga.
Arbeidskraft til Nord-Noreg
I Szeged må studentane på økonomi og administrasjon ta eit ekstra praksis-semester utover dei tre åra som vanlegvis er normert tid for ein bachelor. Innanfor studieprogrammet turisme har studentane to ekstra semester; med internship og/eller utveksling. Her ser Solnørdal eit høve til å lokka Szeged-studentar til Nord-Noreg og kopla dei til reiselivet i nord.
– Me ser heilt klart moglegheiter, særleg på turistsida, for at me kan vera unike og attraktive. Dei me har snakka med her i Szeged er interesserte i ein slik pakke. Viss me klarer å få kompetent arbeidskraft trekt nordover med ei sånn ordning, har me vunne mykje med tanke på at me i dag har mangel på arbeidskraft i Nord-Noreg, seier ho.
– Målet vårt er å vera ein drivkraft for næringslivet i nord, legg Solnørdal til.
Pusztai-Varga er sikker på at månge av studentane deira vil ynskje å komme til Norge.
– Eg har høyrt at turisme er stort i Tromsø og i regionen rundt. Dessutan treng våre studentar to framandspråkeksamenar, så dette er ein god moglegheit for dei, seier ho.
Studentane må kjenna seg trygge
Solnørdal er like oppteken av at studentane ved UiT skal kunna nyta godt av moglegheitene som eit utvekslingssamarbeid opnar for. Allereie frå hausten 2025 håpar instituttleiaren derfor å kunna tilby studentane sine å reisa ut, til dømes til Szeged, når dei skal ta sitt femte semester i bacheloren.
– I samband med endringane i studieporteføljen ved UiT, har me stilt fri femte semester, og her ser me spennande moglegheiter i å få studentane til å reisa ut. Då er det viktig å ha snakka med aktuelle universitet for å kvalitetssikra ein pakke og ha kontaktpersonar på dei ulike stadene, forklarer Solnørdal.
Pusztai-Varga ynskjer dei norske studentane varmt velkommen.
– Szeged er ein trygg by og utdanningskvaliteten er høg, så kvifor ikkje tilbringe eit semester eller eit kortvarig, intensivt kurs her i Szeged? spør ho.
Må tryggja studentane
For å få til utveksling meiner Solnørdal det er avgjerande at studentane kjenner seg trygge på kvaliteten i utdanningstilbodet og det sosiale tilbodet.
– EUGLOH bidreg til å kvalitetssikre nivået på universiteta i alliansen, seier Solnørdal.
Ho er oppteken av å invitera gjesteforelesarar frå desse universiteta, som studentane ved UiT då blir introdusert for. Det viser kvaliteten ved institusjonen, samtidig som studentane blir vande til å bli undervist og interagera på engelsk.
– Då blir overgangen til eit semester ved det same universitetet mykje enklare, seier Solnørdal.
Så langt har Handelshøgskolen fått på plass ein lengre avtale med ein forskar frå universitetet i Porto, som også er med i EUGLOH, og fått mange gode tilbakemeldingar frå studentane.
Ei verdifull erfaring
Solnørdal meiner det alltid vil vera verdifullt å få internasjonal erfaring og trekkjer samtidig fram fleire positive faktorar med Szeged spesielt:
– Det er rimeleg å leva her, det er ein signifikant, men passe stor og hyggjeleg studentby, med godt klima og nærleik til Budapest, seier ho.
I november planlegger delegater frå universitetet i Szeged å komme til Tromsø i samband med ei internasjonal veke i regi av EUGLOH. Til då skal dei ha gått gjennom sin eigen emneportefølje i den engelskspråklege bacheloren og ha plukka ut dei som kan vera særleg relevante for studentane ved UiT. Handelshøgskulen skal på si side endre undervisningsspråket ved fleire program til engelsk. Her visar Solnørdal til planlagde endringar i studietilbodet i Harstad, og deretter i Tromsø.
– I samband med porteføljeomlegginga skal me laga ein engelskspråkleg modul for å rigga oss betre for internasjonal mobilitet. På ein arena som EUGLOH er det viktig å kunna seia at me har engelskspråklege emne der me kan ta imot studentar. Me ser kor viktig det er å ha enkeltemne som me kan setja saman til interessante semesterpakkar til utvekslingsstudentar, seier Solnørdal.
Ho rosar dei tilsette ved Handelshøgskolen for at dei har vore så proaktive i arbeidet med omlegginga:
– Det hadde aldri gått om ikkje alle på Handelshøgskolen hadde vore om bord. Eg har veldig behov for å rosa kor proaktivt heile fagmiljøet og alle studieprogramleiarane er. For ein fantastisk jobb dei gjer!
The European University Alliance for Global Health
- Universitetsalliansen EUGLOH vart etablert i 2019 og består av Université Paris-Saclay, Lunds universitet, Ludwig-Maximilians-Universität München, Universidade do Porto, University of Szeged, University of Alcalá, Universität Hamburg, University of Novi Sad og UiT Noregs arktiske universitet.
- Dei ni europeiske partnaruniversiteta byggjer opp under utdanning, forsking og innovasjon som rettar seg mot globale helsespørsmål.
- EUGLOH knyter no saman 338.500 studentar, 54.000 akademikarar og 112 fakultet og skular.
- Fellesprosjekta til partnaruniversiteta er finansierte av EU sitt ERASMUS+-program og Horizon Europe.
- Den felles plattforma opnar opp for mange moglegheiter. Studentar, forskarar og vitskapleg tilsette kan dela infrastruktur, ressursar, læringsverktøy og kompetanse på mange område.
- Dei lokale samarbeidspartnarane til UiT innan alliansen er Arctic Frontiers, Helse Nord, Troms fylkeskommune og Tromsø kommune.
- Noko av det UiT tek med seg av fagleg kompetanse inn i alliansen er medisinsk forsking, bruk av kunstig intelligens i helsevesenet, kunnskap om marin biologi og økosystem, og avansert forsking på klimaendringar i Arktis.
-
Fagdidaktikk for lærere - master
Varighet: 4 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjon og ledelse for offentlig sektor - erfaringsbasert master
Varighet: 3 År -
Realfagskurs
Varighet: 1 Semestre -
Lektor i språk og samfunnsfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Bevegelige bilder - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datafag - bachelor
Varighet: 3 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Sikkerhet og beredskap - bachelor
Varighet: 3 År