UiT og studentane forsterkar samarbeidet
UiT og studentdemokratiet har fornya avtalen som gjev studentane ei sterkare stemme. – Samarbeidet med studentane er heilt avgjerande, seier rektor.

Samarbeidsavtalen mellom UiT og studentdemokratiet har ein lang tradisjon på UiT, og vart fornya og styrkja i førre veke. Avtalen sikrar studentane ein stemme i fleire forum og at dei får ressursar frå UiT som gjer at dei kan gjere ein betre jobb for studentane. No er avtalen revidert for første gong sidan 2017, med endringar som styrkjer studenttinga på dei individuelle studiestadane.

– Det er ein kjempefin avtale som gjer oss eit grunnlag for godt samarbeid mellom studentane, studentorganisasjonane, studentparlamentet og oss. Det er ekstremt viktig for at me skal levere det beste til studentane, seier rektor Dag Rune Olsen.
Har verka på tvers av tid og menneske
Avtalen går utover minimumskrava til universiteta, og leiar av studentparlamentet, Jonas Toft, seier dei er særs godt nøgd. Studentane ser på avtalen som ein god gest og eit ønskje om godt samarbeid frå universitetet.
– Denne avtalen har sikra samarbeidet og rettane våre gjennom fleire år, gjennom fusjoneringar og nye typar studentar, og har verka uavhengig av kven som er rektor og studentleiarar. Me har hatt eit gjevande og relevant samarbeid i alle desse åra, seier Toft.
– Avtalen viser vår forplikting til studentane, og understrekar at samarbeidet med dei er heilt, heilt, avgjerande, legg rektor Olsen til.
-
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjon og ledelse for offentlig sektor - erfaringsbasert master
Varighet: 3 År -
Fagdidaktikk for lærere - master
Varighet: 4 År -
Realfagskurs
Varighet: 1 Semestre -
Lektor i språk og samfunnsfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Digitale helsetjenester - erfaringsbasert master
Varighet: 3 År -
Bevegelige bilder - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datafag - bachelor
Varighet: 3 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År