– Mykje har forandra seg, men mykje er likt

Saman med kronprinsen og sametingspresidenten feira UiT at det er 50 år sidan dei første studentane starta i Tromsø. I ei spegling av opninga for 50 år sidan fekk publikum oppleve korleis reisa har vore.

To menn, Den Høgvørde Kronprinsen Haakon og Dag Rune Olsen går fremst ut av ei fullsatt  Tromsø Domkyrkje.
Den Høgvørde Kronprinsen Haakon og Dag Rune Olsen i Tromsø Domkyrkje. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 02.09.22 13:21 Oppdatert: 14.09.22 11:51
Om UiT

I ei fullsett Tromsø domkyrkje heldt sa Den Høgvørde Kronprinsen Haakon sin tale til UiT, på dagen 50 år etter at bestefaren hans, kong Olav V, heldt opningstalen for det som då var Universitetet i Tromsø.

Kronprinsen såg både bakover og framover

To menn leier an ut av ei kyrkje.
Kong Olav etter å ha opna UiT i 1972. Foto: UiT

– I dag feirar me ein av samfunnets aller viktigaste institusjonar – eit universitet, sa kronprisen i sin tale under festframsyninga. Han understreka at det går lange linjer frå den dagen i september 1972.

– Det er mykje som er annleis sidan bestefaren min stod her for 50 år sidan. Verda har forandra seg og me har forandra oss. Men mykje er òg likt. Forsking, vitskap og kunnskap er grunnfjellet me bygger samfunnet vårt på. Det har det vore sidan den gongen, og det vil det vere i dei neste 50 åra, sa kronprins Haakon.

Same arktiske himmel, eit anna universitet

Det UiT som opna i 1972 hadde 420 studentar, stort sett førebelse lokale og nokre hundre tilsette. Sidan då har Universitetet i Tromsø vorte til UiT Noregs arktiske universitet, ein kompleks institusjon med avdelingar på 11 forskjellige stader, 260 studieprogram, rundt 17 500 studentar og nesten 4 700 tilsette i heile landsdelen.

Sjå heile festframsyninga igjen her. Saka held fram under videoen.

Våren 2022 gjekk truleg student nummer 70 000 ut med ei gradgjevande utdanning frå UiT eller dei innfusjonerte høgskulene. I tillegg kjem alle dei som har teke ei kortare vidareutdanning, særleg innan pedagogikk, helsefag eller økonomifag – truleg minst 20 000.

UiT har utdanna over 8 000 sjukepleiarar, om lag 2 500 medisinarar, over 5 000 lærarar og lektorar, om lag 4 000 barnehagelærarar, 2 000 juristar, nærmare 6 000 økonomar og siviløkonomar og 12 000 ingeniørar, sivilingeniørar og realistar. Rundt 2 500 doktorgradar er tildelte i heile bredda av det vitskapelege området.

Rennande kunnskap

Ein mann og to kvinner på ei scene
Frank Jørstad og Hollow Hearts. Foto: Jørne Berger Nyvoll / UiT

Festframsyninga i domkyrkja var verkeleg ein fest. Inna Marja Amundsen joika og Frida Lydia Virtanen song på kvensk. Kventeateret ved Frank Jørstad og Hollow Hearts fortalte historia til UiT i tekst og musikk. Jørstad brukte ei personleg forteljing om sin far, som mot fleire odds fekk moglegheita til å ta høgare utdanning, og avslutta monologen med desse orda:

– Den undervisninga som starta på latin, så dansk, så øst-norsk, og så nordnorsk, skjer no òg på samisk og kvensk. Og forskinga som har vore under ein arktisk himmel i 50 år, skjer no òg i Alta, Hammerfest, Kirkenes, Narvik, Bodø, Mo i Rana, Longyearbyen, Kabelvåg, Harstad og Bardufoss. Og den kunnskapen kan renne den andre vegen. Ut. Ut i verda. Noreg har vorte større.

Draumedag for elevar

11 andre- og tredjeklassingar frå UiT sine 11 vertskommunar var òg spesielt inviterte og brukte dagen på ein «Draumedag» kor dei fekk sjå bredda av forsking og undervisning på UiT. Dei var òg til stades i kyrkja, og 18 år gamle Serine Masterbakk frå Longyearbyen heldt tale i saman med Ingeborg Harsten, ein av dei første studentane ved UiT i 1972.

Ei kvinne talar i ei kyrkje. Ei eldre kvinne står att med ho.
Serine Masterbakk talte. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT

– Eg er kjempeglad for at me har eit universitet i nord som har så utruleg mange greiner, som strekk seg heilt opp til Longyearbyen, sa Masterbakk.

– Om eg skal studere, skal det vere ved UiT, la ho til. 

Ein tydeleg stolt rektor Dag Rune Olsen peika òg på betydninga universitetet har hatt for sitt omland:

– Ringverknadene av eit universitet er formidable i alle byar, regionar og land. UiT er ikkje eit unntak. Vi har vore, og skal fortsett vere, ei sterk drivkraft i nord, sa han i sin tale.

 
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 02.09.22 13:21 Oppdatert: 14.09.22 11:51
Om UiT