Haug og Gjærum tilbydd å verte viserektorar
På styremøtet for UiT Noregs arktiske universitet vart det i dag vedteke å tilby Bente Haug og Rikke Gürgens Gjærum stillingane som høvesvis viserektor for Finnmark og Nord-Troms og viserektor for Sør-Troms og Nordland.

Det betyr at UiT-leiinga og dei to no kan gå i forhandlingar om vilkåra for stillingane og at dei to vert UiT sine viserektorar om dei takkar ja. Stillingane er åremål på fire år.
Bente Haug er cand.polit. i samfunnsvitskap/sosialpolitikk frå UiT i 1997. Ho har vore instituttleiar ved Institutt for reiseliv og nordlige studier i Alta sidan 2017.
Rikke Gürgens Gjærum er cand.philol. i teatervitskap frå UiO (1997) og dr.art. i drama og teater frå NTNU (2004). Ho er professor og leiar for Arktisk senter for velferds- og funksjonshemming (ASVF) ved Institutt for vernepleie (IVP) ved UiT i Harstad. Ho har òg hatt ei bistilling som professor ved OsloMet sidan 2012. Gjærum er fast vitskapeleg tilsettrepresentant i universitetsstyret.