Desse har søkt på UiTs leiarstillingar

Søkarlistene til dekanstillingane ved seks fakultet og direktørstillinga ved Noregs arktiske universitetsmuseum er no klare.

UiT Norges arktiske universitet, Tromsø.
UiT Noregs arktiske universitet, Tromsø. Foto: Lars Nordmo/UiT
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 24.08.21 14:04 Oppdatert: 25.08.21 09:19
Om UiT

Stillingane blir tilsett med verking frå 1. januar 2022. Dei er alle på åremål for fire år, med moglegheit for tilsetjing i ytterlegare to fireårsperiodar etter utlysing.

– Det er sterke søkarar til alle stillingane, og eg ser fram til tilsettingsprosessen, seier rektor Dag Rune Olsen.

Søkarliste, dekan ved Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi: 
Jørgen Berge (50), professor, Tromsø 
Nalân Koç (58), forskingsdirektør Norsk Polarinstitutt, Tromsø
Harald Steen (59), leiar av Svalbardprogrammet ved Norsk Polarinstitutt, Tromsø
Søkar er innvilga å ikkje stå på offentleg søkarliste, mann

Søkarliste, dekan ved Fakultet for helsevitskap: 
Michael Bretthauer (51), professor, Universitetet i Oslo, Bærum
Johanna Ulrica Ericson (59), professor, Tromsø
Boye Welde (52), førsteamanuensis, Levanger
Gunbjørg Svineng (53), instituttleiar, Tromsø

Søkarliste, dekan ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning: 
John McNicol (50), instituttleiar, UiT, Tromsø
Anne Britt Flemmen (61), instituttleiar, Tromsø

Søkarliste, dekan ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi: 
Sanaz Mmohammadi Pejman (35), Senior Full Stack Web Developer at Saman Salamt Pajouh Co, Iran
Bjørn R. Sørensen (55), instituttleiar/professor, Narvik

Søkarliste, dekan ved Det juridiske fakultet: 
Tore Henriksen (56), professor, Tromsø

Søkarliste, dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi: 
Hans Bjørnar Nordstrand (32), jobbsøkar, Tromsø
Arne Smalås (60), dekan, Tromsø

Søkarliste, direktør ved Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag: 
Lena Aarekol (51), direktør, Tromsø
Karolina Baryga (35), Gregos gospelkors dirigent, Oslo

Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling