Direktørstillingar og viserektorstillingar vert forlenga ut 2021

Jørgen Fossland, Gøril Heitmann, Sveinung Eikeland og Bård Borch Mikalsen vil fortsette i sine noverande stillingar ut året.

Jørgen Fossland
Universitetsdirektør Jørgen Fossland skal leie administrasjonen i ein overgangsperiode fram til ny organisering er på plass. Foto: Randi Solhaug
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Solhaug, Randi Merete randi.solhaug@uit.no Seniorrådgiver, faggruppeleder
Publisert: 14.01.21 11:03 Oppdatert: 14.01.21 11:14
Om UiT

Dei vil halde fram i stillingane sine i ein overgangsperiode for UiT. Som kjent vedtok universitetsstyret i juni i fjor å endra styringsordninga ved UiT og tilsetja rektor som både fagleg og administrativ leiar frå 1. august 2021.

I samband med dette understreka styret òg at UiT ville trenge ei overgangsordning for leiing av administrasjonen fram til ny ordning var på plass. UiT har difor inngått avtale med Jørgen Fossland og Gøril Heitmann om at dei vil fungera i stillingane som direktør og assisterande direktør i denne overgangsperioden. Ordninga inneber at den samla administrasjonen vil leiast av direktøren på delegasjon frå rektor.  

Ordninga med viserektorar vert òg forlenga for same periode. Dei to viserektorane Sveinung Eikeland og Bård Borch Mikaelsen har takka ja til å fungera vidare i stillingane sine fram til 31. desember i år.

Noverande organisering i fellesadministrasjonen i avdelingar, stab og seksjonar vert som følge av dette uforandra ut 2021.

Solhaug, Randi Merete randi.solhaug@uit.no Seniorrådgiver, faggruppeleder