SNL: UiT-artiklane har blitt lese rekordhøge 4,2 millionar gonger

I pandemiåret 2020 blei UiT-skrevne artiklar i Store norske leksikon lest meir enn fire millionar gonger.

UiT-artiklane har blitt lese rekordhøge 4,2 millionar gongar
For fyrste gong har det blitt lese meir enn 100 millionar artiklar i Store norske leksikon på eitt år. Foto: Heidi Dokter
Portrettbilde av Eidum, Espen Viklem
Eidum, Espen Viklem espen.eidum@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 08.01.21 11:45 Oppdatert: 08.01.21 14:48
Om UiT

Etter fleire år med høg vekst i brukartal, nådde Store norske leksikon ein milepæl i pandemiåret: For fyrste gong har det blitt lese meir enn 100 millionar leksikonartiklar på eitt år. I snitt las faktisk kvar nordmann over 20 artiklar i SNL i fjor.

– Desse tala gjer oss utruleg glade, men òg audmjuke for tilliten det norske folket viser oss, seier sjefredaktør i Store norske leksikon, Erik Bolstad.

Lesertala skaut i vêret

På få år har SNL blitt ein av dei største nettstadene i Noreg med fri og oppdatert kunnskap tilgjengeleg for alle.

– Og under pandemien har vi verkeleg fått sjå korleis folk flokkar seg til SNL for å finne fakta i ei tid prega av forvirring og uro, seier Bolstad.

Då skulane i Noreg stengde i mars og mange elevar og familiar måtte klare seg med dei ressursane dei hadde tilgang til heimefrå, skaut lesartala på typiske skuleemne som litteratur, historie, samfunnsfag og naturfag i vêret. Men òg medisinartiklar knytt til epidemiar, virus og vaksinar fekk eksplosiv auke i lesartal.

– Store norske leksikon viste seg å vere godt rusta i møte med ein global pandemi og nedstenging av samfunnet, og dét er takk vere den store innsatsen som dei norske universiteta og deira tilsette har lagt i å styrke SNL over fleire år, seier Erik Bolstad.

I 2014 gjekk alle dei norske universiteta saman om å finansiere Store norske leksikon. No er i alt 21 institusjonar med på det som vert kalla Noregs største kunnskapsdugnad. Av dei fagansvarlege, som skriv og kvalitetssikrar artiklane i leksikonet, kjem 43 frå UiT. Artiklane UiT-folk har ansvar for i SNL vart lest rekordhøge 4,2 millionar gongar i fjor, ein 15 prosent auke frå året før.

– Vi takkar for det gode arbeidet og støtta UiT Norges arktiske universitet har vist SNL gjennom eit spesielt år, og gler oss til fortsettinga, seier Erik Bolstad.

Dei mest leste UiT-artiklane

43 fagansvarlege og fagmedarbeidere i leksikonet er knytt til UiT Norges arktiske universitet (tre fleire enn året før). Desse har ansvar for 82 fagområde og 9517 artiklar (119 prosent fleire artiklar enn året før). Her er dei mest leste UiT-artiklane i 2020:

Den kalde krigen er lesen 116 945 gonger, fagansvarleg er Hallvard Tjelmeland.
Ivar Aasen er lesen 66 209 gonger, fagansvarleg er Tove Bull.
Etikk er lesen 63 989 gonger, fagansvarleg er Mathea Slåttholm Sagdahl.
Cubakrisen er lesen 60 919 gonger, fagansvarleg er Hallvard Tjelmeland.
Pliktetikk er lesen 53 934 gonger, fagansvarleg er Mathea Slåttholm Sagdahl.
Ekorn er lesen 37 577 gonger, fagansvarleg er Karl Fraord.
Dydsetikk er lesen 36 313 gonger, fagansvarleg er Mathea Slåttholm Sagdahl.
Knud Knudsen er lesen 34 071 gonger, fagansvarleg er Tove Bull.
Immunsystemet er lesen 32 297 gonger, fagansvarleg er Tor Brynjar Stuge.
Konsekvensetikk er lesen 32 238 gonger, fagansvarleg er Mathea Slåttholm Sagdahl.
Puls er lesen 31 929 gonger, fagansvarleg er Åshild Odden Miland.
Blodtrykk er lesen 30 653 gonger, fagansvarleg er Åshild Odden Miland.
Moral er lesen 30 063 gonger, fagansvarleg er Mathea Slåttholm Sagdahl.
Utilitarisme er lesen 29 437 gonger, fagansvarleg er Mathea Slåttholm Sagdahl.
Faryngitt er lesen 28 531 gonger, fagansvarleg er Niels Christian Stenklev.

Eidum, Espen Viklem espen.eidum@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Vi anbefaler