Får millionar til å utvikla koronatest


UiT-forskarar bidreg i arbeidet med ein test som kan påvisa immunitet mot koronavirus. Prosjektet får inntil åtte millionar kroner frå Noregs Forskingsråd.

Selskapet Gentian Diagnostics AS har Ørjan Olsvik (biletet), professor i medisinsk mikrobiologi og førsteamanuensis Vegard Skogen ved Det helsevitskaplege fakultet ved UiT, med på laget i arbeidet med utviklinga av antistofftest for covid-19-viruset. Foto: Torbjørn Kjosvold​/Forsvaret

Straks etter at pandemialarmen gjekk i mars, hasteutlyste forskingsrådet eit kompetanse- og samarbeidsprosjekt for kamp mot koronaviruset. Blant søkarane var selskapet Gentian Diagnostics AS, som bad om støtte til utviklinga av ein antistofftest for covid-19-viruset. I utviklinga av testen samarbeider selskapet med Ørjan Olsvik, professor i medisinsk mikrobiologi og førsteamanuensis Vegard Skogen, begge ved Det helsevitskaplege fakultet ved UiT.

Saman med Gentian har de to UiT-forskarane utført testarbeid knytte opp til antistofftesten, eit arbeid der resultata så langt er oppløftande. Neste skritt er patent på testen. Dersom kriteria for patent blir oppfylte, kan antistofftesten lanserast allereie i 2021.

Toppen er ikkje nådd

Gevinsten med ein slik test kan vera stor i global skala. Etter at Verdshelseorganisasjonen erklærte pandemi i mars, har meir enn ein halv million menneske døydd som følgje av viruset. Samtidig er det registrert nærmare 12 millionar smittetilfelle. Ikkje noko tyder heller på at pandemitoppen er nådd. Dermed er det framleis eit behov for rask og billeg testing.

– Vi treng å vita både om folk blir smitta og om og kor lenge dei er sjuke. Målet er å utvikla ein test som fungerer og som via Gentian kan spreiast og brukast i analysemaskiner som allereie er tilgjengelege i større laboratorium verda over. Om vi lykkast vil gevinsten vera ein betydelig auke i testkapasiteten, der teknologien òg er med på å gjera testinga atskilleg rimelegare enn det som er tilfellet i dag. Dette vil ikkje minst ha tyding for land der kapasitet og økonomi speler inn når det gjeld talet testar som blir gjennomført, seier Olsvik.

Han understrekar samtidig at ikkje noko enno er avklart rundt antistofftesten:

– Vi blir målte på gjennomførte resultat. Først når proof-of-concept-fasen er over har vi eit svar. Men førebels ser arbeidet lovande ut, seier professor Ørjan Olsvik.

På Twitter   #norgesarktiske