Styrkar det politiske arbeidet


UiT styrkar sitt arbeid knytt til politikk- og samfunnskontakt, og har engasjert Roger Ingebrigtsen som politisk rådgjevar for rektor. Engasjementet har ei varigheit på eitt år.

Roger Ingebrigtsen. Foto: First House

– God dialog og samarbeid med nasjonalt, regionalt og lokalt politisk avgjerdsnivå er eit viktig bidrag for realisering av UiT sin strategi «Drivkraft i nord», seier rektor Anne Husebekk.

Roger Ingebrigtsen har lang erfaring frå norsk politikk, mellom anna som statssekretær og politisk rådgjevar i fem departement, som rådgjevar i Stortinget, som fylkesråd for utdanning i Troms og som lokalpolitikar i Tromsø. Han var òg sentral rådgjevar i oppbygginga av Agenda Nord-Noreg.

Ingebrigtsen bor i Tromsø og har det siste året jobba som rådgjevar i First House.

– UiT sin rektor må jobba nært og langsiktig med alle politiske miljø. Eg ser fram til å støtta leiinga i dette arbeidet, seier Ingebrigtsen.

Roger Ingebrigtsen tiltrer stillinga i august 2020. 

På Twitter   #norgesarktiske