Kriss Rokkan Iversen fråtrer som viserektor

Viserektor Kriss Rokkan Iversen vart sist helg vald som nestleiar i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) og ho fråtrer difor stillinga si ved UiT Noregs arktiske universitet.

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 29.04.20 15:44 Oppdatert: 29.04.20 16:25

Kriss Rokkan Iversen. Foto: Espen Mortensen/ SALT

Iversen vart tilsett som viserektor av styret ved UiT i november 2017 og har hatt arbeidsstad i Harstad. Ho hadde eitt år igjen av åremålet sitt.

– Først av alt vil eg gratulera Kriss med nestleiarvervet. Kriss har ein kompetanse og eit engasjement som vi vil sakne ved UiT, men samstundes er eg glad for at det politiske Noreg får ein ny, tydeleg og innsiktsfull politikar frå Nord-Noreg, seier rektor Anne Husebekk.

– Leiinga og eg er heilt samstemde i at det er riktig at eg no fråtrer stillinga som viserektor. Å ha eit nasjonalt tillitsverv for eit politisk parti er ei profilert oppgåve som ikkje let seg foreine med ei toppleiarstilling for ein politisk nøytral institusjon som UiT, seier Kriss Rokkan Iversen.

At hennar tid ved UiT er over for denne gong synast ho likevel er vemodig:

– Eg er samstundes veldig takknemleg for alt eg har lært som viserektor saman med alle dei flotte folka i drivkrafta i nord, UiT Noregs arktiske universitet. No tek eg med meg verdifull kompetanse og erfaring vidare inn i den nye oppgåva, seier Iversen.

 

Kontaktpersonar:
Kriss Rokkan Iversen, tlf. 482 20 550

Anne Husebekk, tlf. 481 41 286

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 29.04.20 15:44 Oppdatert: 29.04.20 16:25
Vi anbefaler