Kongehuset fekk første eksemplar

09.03.20 Magne Kveseth

Historia om Finnmarksløpet er samla mellom to permar. UiT-historikar Christine Smith-Simonsen presenterte boka «Vinterens vakreste eventyr» på Alta bibliotek før Finnmarksløpet starta. Kronprins Haakon fekk det første eksemplaret.

Finnmarksløpet historiebok Smith-Simonsen
DEN FØRSTE BOKA: HKH Kronprins Haakon får første eksemplaret av Christine Smith Simonsens bok om Finnmarksløpet. Bak forfattaren ser vi direktør Målfrid Baik frå NHO Arktis. Foto: Rune Sundelin

Arrangementet på Alta bibliotek samla eit tjuetals tilhøyrarar. Det var dekan Sonni Olsen ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning ved UiT Noregs arktiske universitet som introduserte forfattaren og fortalde litt om lidenskapen hennar for nettopp Finnmarksløpet.
Gjennom bilde som er brukte i boka og personlege forteljingar fekk lyttarane vita meir om kvifor historikaren som tidlegare leia Senter for fredsforsking ved UiT i Tromsø hadde gitt seg i kast med å skriva Finnmarksløpets historie.

Mange tøffe tak

Boklansering, Finnmarksløpet, UiT
SIGNERING: Christine Smith-Simonsen signerte historiebøkene om Finnmarksløpet som både dekan Sonni Olsen ved UiT og legende i Finnmarksløpet si historiebok, Roger Dahl gjekk til innkjøp av.  Foto: Magne Kveseth
Til stades i salen var òg mannen som er omtalt som «Mister Finnmarksløpet», Roger Dahl. Han har bidrege til mykje av løpets historie, mellom anna gjennom meir enn 25 gjennomførte løp. Etter presentasjonen stilte Dahl i kø for å kjøpa boka han sjølv har skapt delar av innhaldet til gjennom eit langvarig engasjement for hundkøyrarsporten. 

Christine Smith-Simonsen opna presentasjonen sin med å lesa frå eiga bok, der ho mellom anna fortel historia om hundkøyrarane som måtte søka ly for uvêret og som kjempa med nesten umoglege lause spor og mykje snø. Medan to av køyrarane hadde lagt seg til ro fordi sporet var meir eller mindre umogleg å forsere, kom ein annan av køyrarane bakfrå og berre heldt fram. Det skulle visa seg at berre 100 meter frå der de to i leiinga hadde slått leir, var det ein snøscooter som hadde køyrt opp spor.

Denne illustrasjonen fortel mykje om korleis køyrarane enkelte år har kjempa mot elementa for å klara å komma seg til mål. Medan dei andre gonger har kunna køyra nesten barfingra i strålande solskin. 

Kapitla og Ivar Thomassen

– Viss ein ikkje er historikar kan ei bok bli kjedeleg viss ein ikkje deler den opp i tema utan å vere kronologisk. Derfor har eg tatt utgangspunkt i komponist Ivar Thomassens melodi «Vinterens vakreste eventyr» og late kvar verselinje i denne melodien bli eit eige kapittel i boka. Ein kronologisk gjennomgang kunne ha vorte kjedeleg, seier Smith-Simonsen.

Ho fortel korleis interessa for hundkøyring vart vakt allereie da ho som heilt ung var med i Krokskogen trekkhundklubb og hadde huskyen Traktor. Etter flytting til Tromsø og eit besøk til Alta i 2008 saman med ungane sine same uka som Finnmarksløpet vart arrangert innrømmer ho at ho vart heilt frelst.

Mange blinkskot

– Deretter gjekk det slag i slag og sidan Finnmarksløpet ønskte seg ei bok, så sa eg ja til å skriva ho, sjølv om tida var knapp og mange skulle bli kontakta, bli intervjua og det skulle skaffast dokumentasjon. Og eg fekk snakka med utruleg mange flotte folk, seier forfattaren som undervegs i arrangementet ved Alta bibliotek viste på lerret ei rekke flotte bilde tatt under Finnmarksløpet gjennom mange år.

Christine Smith-Simonsen fortalde om skriveprosessen og at boka er skriven med forsøk på å femna dei fleste sidene av løpet.

Bokomslag Vinterens vakreste eventyr

Ny sjanse om 10 år

– Dette er den andre utgåva av Finnmarksløpets historie. Og så kjem kanskje eit større verk om 10 år til 50-årsmarkeringa, seier Christine Smith-Simonsen.

Ho slår fast at løpet har gått gjennom store endringar frå den spede byrjinga til årets feiring av 40 år med Finnmarksløpet. Så kan ein spørja seg korleis forfattaren har klart å samla all data til denne boka.

– Det har vore litt av eit detektivarbeid å finna fakta til boka, for mykje var ikkje digitalisert på denne tida, ein måtte gå til dei mange kartotek og lister som Finnmarksløpets mange eldsjeler opp gjennom åra har tatt vare på, Sjølv om ikkje noko frå starten var tilgjengeleg digitalt, så er det no likevel ein del listar lengst bak i boka, med oversikter, seier forfattaren.

På Twitter   #norgesarktiske