Fisk på flyttefot utfordrar fiskeriforvaltninga


Klimaet vårt blir stadig varmare, både til lands og til vanns. Dette får konsekvensar òg for livet i havet. Kan det påverka måten ein fordeler fiskekvotar på i framtida?

sild i sollys fotografert under vann
Fisken er på vandring i hava, som blir varmare. Mellom anna har silda endra utbreiing på tvers av det opphavlege forvaltningsområdet sitt. Foto: Audun Rikardsen

Mange europeiske fiskebestandar er på flyttefot i europeiske farvatn, ifølgje ein ny studie leidd av UiT-forskarar i det store prosjektet Climefish. Den nye studien viser at fiskebestandar i Nordaust-Atlanteren brer seg lenger nordover, og artar som tidlegere berre fants i sørlege, europeiske farvatn, som til dømes lysing, har utvida utbreiingsområdet sitt mot nord. Artar i nordlege, europeiske farvatn, som til dømes torsk, har derimot innskrenka utbreiinga si.

Varmare hav og betre forvaltning

bilde av kvinnelig forsker
Marie-Anne Blanchet er ein av forskarane bak den nye studien som viser at mange fiskeartar si utbreiing har endra seg. Foto: Jonatan Ottesen
Grunnen til at utbreiinga av fiskeartane er endra er delvis at hava blir varmare, og delvis på grunn av betre forvaltning og redusert overfiske.

Ansjos, hestmakrell og tunge finst no òg i Nordsjøen, Det baltiske havet og vest for Skottland, truleg fordi havet har vorte varmare i desse områda. 

Endringar i fiskeutbreiing har stor tyding for fiskeriforvaltninga, med både økonomiske og politiske konsekvensar, seier Marie-Anne Blanchet som er forskar på Noregs fiskerihøgskule ved UiT.

Ho fortel om eit kjent døme:

– Den såkalla «makrellkrigen» der fiskeripolitiske spenningar mellom EU, Noreg, Island og Færøyane oppsto som følgje av at store mengder makrell vandra inn i islandske og færøyske farvatn. Eit anna døme er den nyare auken i lysing i Nordsjøen som resulterte i omfattande fiske-utkast av den britiske flåten, seier Blanchet.

– Fiskarar har rett og slett ikkje tilstrekkeleg lysingkvote og kan ikkje unngå å fanga dei enorme mengdene som no er til stades. Det kan vera nødvendig med ein revisjon av korleis totalkvotane blir fordelte mellom land viss fiskebestandane skal forvaltas berekraftig, sidan utbreiinga av kommersielle fiskeartar endrar seg så tydeleg, seier Blanchet.

Makrellbestand dobla i megde

Det siste tiåret har nokre fiskebestandar utvida utbreiinga si på grunn av god fiskeriforvaltning som har ført til gjenoppbygging av mange bestandar. Spesielt har makrellbestanden meir enn dobla seg dei siste 15 åra, mens lysingbestanden er femdobla i same periode. 

bilde av fisk med stor kjeft
Lysing er ein av fiskeartane som har utvida utbreiingsområdet sitt mot nord. Foto: Arve Lynghammar

Dr. Alan Baudron, som var på University of Aberdeen då han leidde denne studien, forklarer:

– I samsvar med avtaler og regelverk er total fangst for kvar fiskebestand fordelt mellom kyststatane etter framforhandla kvotenøklar. Innan EU kallast dette relativ stabilitet. Kvotenøklane er baserte mellom anna på dei ulike dei historiske fangstane i landa, på 1970-talet, seier Baudron.

Han meiner at endringane i utbreiing har skapt eit potensielt misforhold mellom desse faste fordelingsnøklane og dagens tettleik av fisk innan forvaltningsområda.

Vi fant ut at fem av dei 19 undersøkte artane hadde forskove utbreiing over forvaltningsområda: sild, raudspette, lysing, tunge og hestmakrell, fortel prosjektleiar Baudron.

Internasjonalt samarbeid

Forskarteamet som består av tolv forskarar frå Europa og USA fekk middel frå EU-prosjekta Climefish og CERES for å gjennomføra studien. Dette var ein del av eit initiativ som skulle undersøka korleis fiskeutbreiinga har endra seg dei siste 30 åra.

Studien har omfatta 19 artar og 73 kommersielle fiskebestandar.

På Twitter   #norgesarktiske