Inngår samarbeid om havprosjekt


UiT Noregs arktiske universitet signerer måndag ein samarbeidsavtale med REV Ocean og Ocean Data Foundation. Avtalen inneber mellom anna etablering av eit masterprogram i Ocean Leadership.

– Avtalen gir moglegheiter for spennande samarbeid i havprosjekt og vil styrka alle dei tre institusjonane. Vi ser spent fram til å kunna samarbeide om bord i det nye forskingsskipet som er under bygging og har forventningar til Ocean Data Foundation som kan legga til rette for djupdykk i opne, globale dataregister for analyser og ny kunnskap, seier rektor ved UiT, Anne Husebekk.

Pressa er invitert til signeringa
Dato: Måndag 27. januar
Tid: 14.30
Stad: Søndre Tollbodgate 13 (den gamle tollbua ved Polarmuseet), Tromsø

Gjennom avtalen kan forskarar ved UiT delta i koordinerte forskingstokt om bord på REV Ocean som vil gi verdifulle datasett og ny kunnskap om økosystema i både Arktis og dei andre verdshava. At avtalen òg omfattar Ocean Data Foundation, som mellom anna bruker maskinlæringsalgoritmar, gir forskarane nye og unike moglegheiter til å undersøka biologiske prosessar og finna nye lokale og globale samanhengar. Dette kan få stor tyding for den framtidige forståinga av klimakrisa.

Eit nytt masterprogram i Ocean Leadership vil innebera å forstå og ta avgjerder basert på heilskaplege kunnskapsgrunnlag, gjennom å integrera og visualisera data. 

Les òg: – Nytt forskningsskip vil fylle et tomrom

 

Kontaktpersonar:
Anne Husebekk, rektor, UiT Noregs arktiske universitet, 48141286, anne.husebekk@uit.no
Nina Jensen, CEO, REV Ocean, nina.jensen@revocean.org
Bjørn Tore Markussen, CEO, Ocean Data Foundation, 90915668, bjorn.markussen@oceandata.earth
Karine Nigar Aarskog, seniorrådgivar, UiT Norges arktiske universitet, 95158407, karine.n.aarskog@uit.no

På Twitter   #norgesarktiske