Redd verda – bittelitt av ganga


UiT vidareførar ordninga, og søkjer no nye berekraftspilotar. Ei perfekt deltidsstilling for deg som er student og opptatt av miljøet.

Anne Husebekk, Dag-Inge Ulstein, Kristin Røymo og Jon Lomøy med bærekraftsmål 13
Anne Husebekk, Dag-Inge Ulstein, Kristin Røymo og Jon Lomøy under nattevandringa med Norad og UiT 2019. Foto: David Jensen

I fjor starta UiT Noregs arktiske universitet prosjektet med ei gruppe berekraftpilotar. UiT jobbar med å sette FN sine berekraftmål på universitetet, og treng hjelp til å få studentanes perspektiv inn i arbeidet.

– Det fyrste året har vore prega av å prøve og feile, men no er det ein driv over arbeidet og vi vel å vidareføra ordninga, seier leiaren i UiT si bærekraftkomité, Edel Elvevoll.

Har fått mykje oppmerksemd 

Berekraftpilotane har mellom anna fått in berekraftmåla i Debutuka og Fadderuka.

– Ordninga med berekraftpilotar har virka bra, mellom anna var Our Ocean-konferansen ein stor happening der alle blei veldig inspirert. Eg synas dei har fått mykje oppmerksemd på dei ulike studiestadane våre, seier Elvevoll.

UiT har berekraftpilot i Harstad, Narvik, Alta og Tromsø.

Deltok på store konferansar

Berekraftpilotane har gjort seg merka ved å delta på fleire store konferansar og arrangement. Mellom anna var dei med på Arctic Circle, Berekraftkonferansen i Bergen, Our Ocean-konferansen i Oslo og berekraftdagane i Tromsø og Harstad.

Det som kanskje står seg mest ut er nattevandringa i samarbeid med Norad i august tidlegere i år.

Tromsdalen med Ishavskatedralen i front, lys fra nattevandringen opp mot Fjellheisen
Nattevandring i samarbeid med Norad, august 2019. Foto: Ørjan Aslaksen

Bli med på laget

No lyses stillingane som berekraftpilotar ut på nytt. Det er fem ledige 20 %-stillingar for dei som vere med å inkludera studentperspektivet i berekraftmåla. For å kunne vere kvalifisert må du vere registrert som student ved UiT når du søkjer og i heile perioden du er berekraftpilot.

Les meir og søk på stillinga her!

På Twitter   #norgesarktiske