UiT-artiklar lese 3,3 millionar gonger siste år


UiT driv omfattande formidling gjennom Store norske leksikon. UiT sine 4 521 artiklar er det siste året lese heile 3,3 millionar gonger. Her kan du sjå kva artiklar og forfattarar som er mest lese.

Det siste året har UiT drive mangfaldig formidlingsarbeid gjennom Store norske leksikon (SNL). 38 fagansvarlege og fagmedarbeidarar i leksikonet er knytt til UiT Noregs arktiske universitet. Dei fagansvarlege har ansvar for 64 fagområde og 4 251 artiklar.  

Satsar på å nå 100 millionar lesne artiklar  

Sjefsredaktør i Store Norske Leksikon, Erik Bolstad. Foto: Kristin Aafløy Opdan.

Med UiT og dei fleste av Noregs viktigaste kunnskapsinstitusjonar på laget, opplev SNL stor vekst i lesartala. I år satsar SNL på å nå 100 millionar lesne artiklar.  

– Eg må gni meg i augo kvar gong eg tittar på statistikken. At lesartala held fram å veks så mykje frå eit allereie høgt nivå er utruleg inspirerande, både for oss i redaksjonen og for dei mange fagansvarlege der ute på universiteta, seier Erik Bolstad, som er sjefsredaktør i SNL.  

Det siste året har lesartala på snl.no auka med 24 prosent. I 2018 blei det til saman lese 80 millionar artiklar, og i 2019  kan det hende leksikonet rundar den magiske grensa på 100 millionar.  

Mest lesne artiklar frå UiT 

Dei 4 251 artiklane fagansvarlege frå UiT Noregs arktiske universitet har ansvar for er til saman lesne 3 313697 gonger det siste året. Fagansvarlege med flest lesarar frå UiT er: Frode Svartdal (ansvar for 239 artiklar som er lese 452 056 gonger det siste året), Mathias Sagdahl (117 artiklar, lese 405 250 gonger) og Åshild Odden Miland (160 artiklar, lese 355 083 gonger). I tillegg er 60 artikkelforfattarar i leksikonet knyte til UiT. Desse har skrive til saman 1 395 artiklar.  

Frode Svartdal mest lesen

Frode Svartdal, professor i psykologi, er dermed den desidert mest lesne forfattaren av alle fagansvarlege frå UiT.  

– Eg har vore med på dette i meir enn 20 år, så forklaringa er nok lang fartstid, meiner Svartdal om sine 239 artiklar.  

Han fortel at då leksikonet var i trykka format, var det berre tre som var fagansvarlege for psykologi i Noreg; Ingunn Skre, Karl Halvor Teigen og Svartdal sjølv. Då leksikonet kom på nett, var Svartdal lenge den einaste frå psykologi ved UiT, men i dag er dei fleire.  

Eg synes det er artig og viktig å formidle kunnskap. Det er mellom anna mange psykologistudentar som les artiklane, og det kjennest meiningsfullt, seier professoren. 

Frode Svartdal, psykologiprofessor ved UiT, har skrevet hele 236 artikler for Store Norske Leksikon og er mest lest av UiTs leksikonforfattere. Foto: privat
Han legg til at han elles synes det er synd at formidling både i form av lærebøker og leksikon ikkje gir nokon utteljing i form av publikasjonspoeng i akademia.    

Prokrastinering fengjer

Artikkelen hans om prokrastinering (kronisk utsettingsåtferd)  er mellom dei 15 mest lese artiklane frå UiT.  

– Det temaet er mitt hjartebarn, og det eg har forska mest på dei siste fem-seks åra. Det er jo noko som angår alle, særleg studentar, og som sikkert derfor treff godt. Det er òg eit tema det er viktig å vite noko om, slik at ein kan unngå for mykje prokrastinering, seier Svardal.  

Vi anar at det ikkje er så mykje prokrastinering frå han si side, etter som han har klart å fullføre så mange artiklar i leksikonet.    

 Jaudå, eg har prokrastinert litt eg òg, ein klarar ikkje alltid å leve som ein lære. Sånn er livet, smile Svartdal.

Trenger fleire fagansvarlege 

Store norske leksikon

 

Opp mot 2,64 millionar brukarar i månaden 

Opp mot 440 000 lesne artiklar kvar dag 

770 fagansvarlege 

Noregs største nettstad for forskingsformidling  

Tidlegare kommersielt forlagsegd, i dag eit ideelt formidlingsprosjekt med mange av landets kunnskapsinstitusjonar som eigarar 

SNL opplyser i pressemeldinga si at dei er det einaste nasjonalleksikonet i verda som har funne ein modell der  universiteta kan drive kollektiv forskingsformidling som når ut til verkeleg mange lesarar. 770 forskerar og andre ekspertar bidreg som fagansvarlege og fagmedarbeidarar. SNL har om lag 2,5 millionar unike brukarar i månaden, og på ein vanleg dag meir enn 300 000 lesne artiklar. Fleire leksikonkategoriar, frå internasjonal politikk, bakteriesjukdomar og folkedikting til kriminologi, brennevin og sirkumpolare religionar, manglar rett nok fagansvarlege.  

Redaksjonen er derfor stadig på jakt etter fleire kloke hovud – og opplyser at dei gjerne vil ha dei frå UiT.  

Dette er dei 15 mest lesne artiklane i SNL frå UiT det siste året (august 2018 til august 2019): 

Den kalde krigen, lesen 97 033 gonger, fagansvarleg er Hallvard Tjelmeland 

Etikk er lesen 56 828 gonger, fagansvarleg er Mathias Sagdahl  

Ivar Aasen er lesen 51 700 gonger, fagansvarleg er Tove Bull 

Cubakrisa er lesen 43 838, fagansvarleg er Hallvard Tjelmeland 

Pliktetikk er lesen 31 465 gonger, fagansvarleg er Mathias Sagdahl 

Dydsetikk er lesen 31 465 gonger, fagansvarleg er Mathias Sagdahl 

Moral er lesen 29 593 gonger, fagansvarleg er Mathias Sagdahl 

Blodomløpet er lesen 27 965 gonger, fagansvarleg er Åshild Odden Miland 

Konsekvensetikk er lesen 25 861 gonger, fagansvarleg er Mathias Sagdahl 

Narsissisme er lesen 25 851 gonger, fagansvarleg er Per Aslaksen 

Puls er lesen 25 699 gonger, fagansvarleg er Åshild Odden Miland 

Utilitarisme er lesen 25 562 gonger, fagansvarleg er Mathias Sagdahl 

Prokrastinering er lesen 25 517 gonger, fagansvarleg er Frode Svartdal 

Blodtrykk er lesen 24 194 gonger, fagansvarleg er Åshild Odden Miland 

Oksygenmetting er lesen 23 618 gonger, fagansvarleg er Åshild Odden Miland  

Gode leksikonartiklar frå UiT 

I sin sommerrapport trekker SNL fram enkelte UiT-artikler som noen av de beste i leksikonet. Blant andre disse: 

Snøkrabbe (Tore Henriksen), samer (Harald Gaski), antibiotika (Kjell Bøvre), betinging (Frode Svartdal), dydsetikk (Mathias Sagdahl), ekteskapantropologi (Jon Schackt), nedertysk (Cathrine Theodorsen), Ivar Aasen (Tove Bull), Vilhelm Krag (Henning Howlid Wærp), den nordnorske båtreformen (Gunnar Eldjarn), nordlandsbåt (Gunnar Eldjarn) og børs (Espen Sirnes).

På Twitter   #norgesarktiske