Vil gjera rekefiske meir miljøvennleg
Ved inngangen til 90-talet revolusjonerte ein skillerist i trålen rekefisket, ved at han reduserte bifangst av andre fiske- og skalldyrarter. No har forskarane frå UiT som utvikla Nordmørsrista fått 20 millionar til ytterlegare forbetring av reketrålen.
![Rekefangst med yngel av torsk, hyse og gapeflyndre.jpg](/Content/588345/transformation=scale10000x800/Rekefangst med yngel av torsk, hyse og gapeflyndre.jpg)
Rista som forskarane i si tid utvikla, har ført til at heile 95 prosent av all fisk no vert leidd uskadd ut under fangstoperasjonen. Skillerista brukes derfor i rekefiskerier over hele verden.
![Nordmørsrist.jpg](/Content/588372/transformation=scale10000x800/Nordmørsrist.jpg)
– Det er eit problem at yngel enno kjem inn i reketrålen, fordi det kan ha stor effekt på enkelte fiskebestandar, fortel Roger B. Larsen, forskar ved Noregs fiskerihøgskule.
Må stoppa rekefisket
Larsen forskar på fangstmetodikk og har i si tid sjølv jobba på havet som fiskar. Larsen har forska på reketrål og andre fangstreiskapar i årevis.
Han fortel at styresmaktene må stoppa rekefisket nord for 62. breiddegrad gong på gong, fordi det er for høg innblanding av yngel av fisk (òg reker) i reketrålen. Både uer, snabel-uer og torsk, hyse og blåkveite har strenge krav når det gjeld innblanding, fordi artene er vorte vurderte som sårbare eller truga fiskearter.
![Roger B. Larsen.jpg](https://intranett.uit.no/Content/588208/transformation=scale10000x800/Roger B. Larsen.jpg)
Samarbeid med fiskarar
Saman med kollegaer er han i tett samarbeid med rekefiskarar som er ute på havet. Dei prøver ut nye metodar som kan fungera for å minska yngel i trålen. Så langt har dei mellom anna testa ut effektane av LED-lys, ulike vinklar på rista, ulike maskestorleikar i trålposen og å løfta trålen delvis opp frå botnen.
– Fiskarane ligg føre oss forskarar i tankegangen fordi dei jobbar på havet minimum 12 timar om dagen, 7 dagar i veka, seier Larsen.
Han fortel at dei testar ut forslag frå fiskarane og dermed legg forskingsdata bak dei ulike metodane.
– Tilrådd fangst for det nordlege rekefisket ligg på 70.000 tonn, men dei siste åra har det berre vorte teke opp om lag 25.000 tonn, mykje på grunn av problemet med *bifangst av yngel og økonomien i fisket, seier Roger Larsen.
Selektive teknikkar
Det er òg eit problem at altfor små reker, såkalla undermålsreker, vert fanga i trålposen. Difor prøver Larsen og kollegaer å gjera rekefisket endå meir selektivt. Dei har allereie dokumentert at undermålsreker som vert sortert ut har gode høve for å overleva. Satsing på gode selektive teknikkar i rekefisket er prioritert satsing som er skissert i handlingsplanar hjå både Fiskeri- og Forskingsfondet til Havbruksnæringa (FHF) og Fiskeridirektoratet.
Internasjonal etterspurnad
Larsen fortel om ein stor internasjonal etterspurnad etter reker. Det er difor stor interesse frå næringa si side om å optimalisera rekefisket. Forskarane har sett seg mål om å skapa større tilgjenge til rekefelt som elles ville vore stengte, minska sorteringsarbeidet om bord, gjera rekefisket meir ressurs- og miljøvennleg, og å skapa eit lågare energiforbruk per kilo fanga reke.
Du kan møte Roger B. Larsen på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim 21.-24. august 2018, der han fortel meir om forskinga si på Forskingstorget.