Tør du å spørja farlege spørsmål om forsking?

Og kva gjer du som leiar, forskar og student? Nettkurs om akademisk fridom, oppstart 04. juni 2018.
Fottland, Håkon
Publisert: 09.05.18 00:00 Oppdatert: 09.05.18 11:07

Følg med på ny MOOC om akademisk fridom!

Akademisk fridom er på den eine sida eit grunnleggjande prinsipp for alle norske universitet, nedfellt både i UH-lova §1.5 og som ein av UiT sine gjennomgåande strategiar mot 2022: Akademisk frihet og troverdighet - forskning og kunstnerisk og faglig utviklingsarbeid.

I praksis er det likevel vanskeleg å ha ei aktiv haldning til omgrepet akademisk fridom:

  • Kva inneber akademisk fridom for meg som student og forskar?
  • Kva slag yttringar fell inn under akademisk fridom - og kven bestemmer kva som er innan- og utanfor.
  • Kva er skiljet mellom yttringar under akademisk fridom og yttringar under den generelle yttringsfridomen - og kven bestemmer?
  • Kva ansvar og rettar har UiT som institusjon og UiT-leiarar på ulike nivå for oppfølging av og støtte til akademisk fridom ved UiT?

For å auka kunnskap og merksemd om temaet har Scholars at Risk og Universitetet i Oslo utvikla eit nettkurs (MOOC). Nettkurset er gratis, har oppstart 04. juni 2018 og går over tre veker - tre timer per veke:

Informasjon og påmelding - futurelearn.com

Scholars at Risk ved UiT - om Akademisk fridom ved UiT

Vi oppmodar leiarar, forskarar og studentar (- litt vidarekomne) ved UiT til å følgja kurset.

Fottland, Håkon
Publisert: 09.05.18 00:00 Oppdatert: 09.05.18 11:07
Vi anbefaler