Søkjarrekord hos Det helsevitskaplege fakultet

Aldri før har så mange studiesøkjarar hatt Det helsevitskaplege fakultet som fyrsteval.
Øvreberg, Elisabeth
Publisert: 20.04.18 14:00 Oppdatert: 12.06.18 21:10
Tromsø

Semesterstart ved Helsefak
Ved semesterstart vil det også denne hausten bli eit yrande liv i korridorane til Helsefak. Aldri før har så mange søkt seg til Helsefak, noko som gleder prodekan for utdanning, Geir Lorem. Foto: Elisabeth Øvreberg

Det helsevitskaplege fakultet, UiT, fikk 3126 fyrstevalssøkjarar i år. Dette er ny rekord for fakultetet. Tala er henta frå Samordna opptak.

Det er spesielt positivt at også studieretningane som har slite litt med rekrutteringa, nå viser auke i studiesøkjarar.

Eit eksempel på positiv vekst er bioingeniør og biomedisin. Dei har auka fyrstevalssøkjartala sine med 28,21 prosent og 19,61 prosent sidan i fjor. Dette gleder prodekan for utdanning, Geir Lorem.

– At fleire søkjer seg til slike utdanningar, er viktig, for her utdannar vi kandidatar med ein kompetanse som helsetenestene treng, seier han.

Auka popularitet ser vi også hos radiografi, som har auka med 30,19 prosent, og dessutan ergoterapi som har auka med heile 39,47 prosent

Rekordår for medisin

Universitetet i Tromsø starta opp for 50 år sidan for å utdanne legar til Nord-Noreg, og da er det ekstra gøy at medisinstudiet, i jubileumsåret, opplever ein rekordhøy søkjarmasse.

528 personar har søkt på dei 100 studieplassane fakultetet har å tilby. Medisinstudiet ligg dermed som det tredje mest populære studiet ved UiT, tett fylgt av sjukepleiarutdanninga ved campus Tromsø, med sine 526 søkjarar.

For fyrste gong har farmasistudiet klart å få over 100 søkjarar, søkjartalet har gått kraftig opp. Dette er spesielt oppløftande sidan Samordna opptak opplyser om at studieretninga på landsbasis har hatt den største nedgangen i alle helsefag, med minus 18 prosent.

Populært med sjukepleie

Studietala viser òg at sjukepleiarstudiet i Harstad, Narvik og Hammerfest også har god oppslutning, sjølv om ein i Harstad har ein nedgang på 4,5 prosent.

Lorem fortel at han fylgjer utviklinga av denne studieretninga nøye.

– Vi veit at helsetenesta har ein spesielt stor mangel på sjukepleiarar, så vi er glade for ei slik positiv utvikling i år, og særleg auken i Hammerfest er gledeleg, fortel han.

Fysioterapi er som alltid populært, men tannlegestudiet (odontologi) har gått ned med cirka 5 prosent.

Nytt studium i paramedisin

På grunn av at fakultetet har oppretta eit helt nytt studium i paramedisin til hausten, var spenninga rundt søkjartalet i år ekstra høg. Fakultetet har 25 studieplassar, og fekk 291 fyrstevalssøkjarar.

– Det er veldig godt å sjå at så mange ønsker å studere bachelor i paramedisin hos oss, seier rådgjevar ved utdanningstenester, Kristine Vollnes Kjeldsen.

– Vi har jobba målretta med å treffe potensielle søkjarar med kvalitetssikra informasjon om studiet, og da er det ekstra gledeleg at så mange har søkt, legg ho til.

Også Lorem er nøgd med søkjartala.

– Men vi er kanskje ikkje så overraska, fordi dette blir eit spennande studium. Studiet utgår frå eit svært godt akuttmedisinsk miljø, og det kjem også til å vere stor etterspurnad etter paramedisinarar i åra framover.

Populært med helsefag

Ifylgje Samordna opptak valde 27,9 prosent av alle søkjarar i Noreg helsefag som fyrsteval.

Av utdanningstypar i utdanningsområdet helsefag er det sjukepleiarutdanninga som trekkjer flest søkjarar, med 39,9 prosent.

Øvreberg, Elisabeth
Publisert: 20.04.18 14:00 Oppdatert: 12.06.18 21:10
Tromsø
Vi anbefaler