Sjå bilete av den sensasjonelle helleristinga

Helleristninga av det som mest truleg er ein båt og som vart funne i Ballangen i Nordland i sommar, vekkjer oppsikt.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 28.09.17 00:00 Oppdatert: 28.09.17 13:57

Båtfiguren slik den ser ut i berget. I biletet under er figuren streka opp. Foto: Jan Magne Gjerde

Ein av dei fremste forskarane på bergkunst i Noreg, arkeolog Jan Magne Gjerde ved UiT Norges arktiske universitet, meiner funnet er sensasjonelt, og seier det kan være ein av dei eldste helleristningar av båt som er funnet i verden.

– Om det er den eldste helleristning av båt i verden veit vi ikkje. Det er ingen tvil om at den er gammal, men det er framleis ikkje sikkert kor gammal. Det er for tidleg å seie - men truleg mellom 9000 til 11 000 år gammal, seier Gjerde.

Ingvar Lindahl viser staden han fann helleristinga i sommar. Foto: Jan Magne Gjerde

Særs vanskeleg å oppdage

Båtfiguren sett frå aust. Foto: Jan Magne Gjerde

Funnet ble gjort av pensjonert geolog Ingvar Lindahl i Valle i Etfjord, Ballangen kommune i Nordland.

I løpet av hausten har arkeolog Jan Magne Gjerde vitja funnet fleire gongar for å dokumentere helleristninga. Den er særs vanskeleg å sjå, og trer berre fram når sollyset kjem direkte inn frå sida. Då trer linjene fram frå berget.

Båten er om lag 4,05 meter lang, men bakenden av båten er vitra, så det er truleg at den var om lag 4,43 meter då den vart laga. Figuren er omhyggeleg slipt inn i berget i form av 2-3 centimeter breie linjer.

Det er også tidlegere gjort funn av helleristningar i Eitfjord i Ballangen. I 1932 vart det oppdaga ristningar av nise, sel og bjørn. Også desse helleristningane var vanskelege å oppdage. 

Døtrene til arkeolog Jan Magne Gjerde viser kor lang helleristninga er, om lag 4,3 meter. Til venstre Øyvor Johanne Gjerde og til høgre Dorthe Helene Gjerde. Foto: Jan Magne Gjerde

Gjer ny kunnskap om maritim teknologi

– Strandlinjedatering tilseier at båten er om lag 10 000-11 000 år gammal. Det inneber at vi no har den første avbildinga av båtane pionerane brukte då dei busette seg langs Norskekysten rett etter istida. Dette funnet gjer oss ny kunnskap om den maritime teknologien som vart nytta under koloniseringa, seier Gjerde i ei pressemelding.

Sjå også: Her er ei lenkje til Jan Magne Gjerdes PhD-avhandling der det står ein del om strandlinjedatering.

Båten har form som dei arktiske skinnbåtane vi kjenner frå etnografiske kjelder, den mest kjende av dei er umiaken frå Grønland. Slike båtar kan romme mange menneske og mykje utstyr.

Jan Magne Gjerde er forskar for det nyoppstarta NFR-prosjektet Stone Age Demographics: multi-scale Exploration of population variations and dynamics ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi ved UiT.

Ein vitskapleg publisering av funnet er planlagd i løpet av 2017.

Arkeolog Jan Magne Gjerde. Her frå eit anna funn av helleristing i Alta i august i år. Foto: UiT

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 28.09.17 00:00 Oppdatert: 28.09.17 13:57
Vi anbefaler