Studentkulturen i Tromsø fyller 50 år

På 50-årsjubileet til Studentsamfunnet lanserast den første boka om historia bak studentkulturen i Tromsø.
Torsøe, Mathilde
Publisert: 27.04.17 15:00 Oppdatert: 27.04.17 16:59

Magnus Andersson er en av forfatterne bak jubileumsboka.
Magnus Andersson er ein av forfattarane bak jubileumsboka. Foto: Karine Nigar Aarskog

Studentsamfunnet i Tromsø såg sitt spede lys i 1967, og til helga er det duka for jubileumsfeiring på studenthuset «Driv».

Jubileet vert mellom anna markert med lansering av boka «Kamp, kultur og konsert», ei historisk skildring av studentkulturen i Tromsø dei 50 åra den har eksistert.

Historikar Magnus B. Andersson er hovudforfattar av boka, som vert lansert på Driv laurdag føremiddag.

– Eg ville skrive denne boka fordi det ikkje var gjort før. Eg ønska å samle historia om studentkulturen i Tromsø, seier Andersson, som også jobbar med å arrangere 50-årsjubileet ved UiT Norges arktiske universitet.  

Studentsamfunnet vart oppretta eitt før universitetet vart grunnlagt.

– Tidlegare studentar frå andre studiestader i landet sto for opprettinga. Dei skulle vere ei lokal pressgruppe som skulle jobbe for å få universitetet til Tromsø, og ha eit ord med i laget for å finne ut kvar i byen det skulle liggje, fortel Andersson.

Sendt ut tusenvis invitasjonar

Gunnhild Haug er president i Studentsamfunnet.
Gunnhild Haug er president i Studentsamfunnet. Foto: privat

Også Håvar Halvorsen og Ingvild Skaarseth har bidrege til boka, som er finansiert av UiT, Studentsamskipnaden i Tromsø og kommunen.

Gunnhild Haug, president på studenthuset Driv, fortel at dei feirar jubileet gjennom heile året. Hovudfeiringa er likevel til helga.

– Det heile startar med jubileumsquiz og DJ Hub Night på fredag, og held fram med boklansering laurdag føremiddag. På kvelden arrangerer vi temafesten «Tidsmaskinen» på heile huset, som vert ein reise gjennom dei fem siste tiåra av studentkulturen, fortel ho.

– Alle som kjem på boklanseringa får ei gratis utgåve av boka, legg Haug til og smiler.

Festen på laurdag er open for alle, men på søndag er det internfest.

– I år har vi bedt alle som nokon gong har vore medlem av samfunnet, så vi har sendt ut nokre tusen invitasjonar. Nokon av samfunnet-veteranane kjem, mellom anna den første leiaren; Birgit Brock Utne. Det er veldig stas at ho tek turen, seier Haug, som gler seg til feiringa.

Sjå heile programmet her!

– Det er utruleg gøy å helde på med studentaktivitetar, og dei som kjem på feiringa vil få eit innblikk i Studentersamfunnet som dei elles ikkje får. 

TIL-spelarar på quiz

Seks spelarar frå Tromsø Idrettslag (TIL) kjem og kastar glans over quizen på fredag, mellom anna Christian Landu-Landu og Simen Vangberg. Haug trekk fram dette, samt boklanseringa, som høgdepunkt under feiringa.  

– Det er heilt fantastisk at vi no for første gong har ei samanfatting av Studentersamfunnet si historie. Veldig mange frå heile landet har studert i Tromsø, seier ho.

Anne Husebekk er rektor ved UiT og har selv studert her.
Anne Husebekk er rektor ved UiT og har sjølv studert her. Foto: Torbein Kvil Gamst

Ein av dei er Anne Husebekk, rektor ved UiT. Som student i Tromsø besøkte ho flittig Studentsamfunnet.  

– Det var ei tid som sette spor. Samfunnet var avgjerande for trivselen min, seier Husebekk og smiler.

Eit studentsamfunn er ein viktig del av eit universitetsmiljø, ifølge Husebekk.

– For at studentane skal trivast på studia er det avgjerande at dei også trivast elles. Det bidreg Studentsamfunnet i stor grad til.  

Politisk snakkeklubb

Dei ti første åra var samfunnet noko ganske anna enn i dag, nemleg ein politisk prateklubb for studentar frå ytste venstre fløy i politikken.

– I starten måtte ein ha teke ex-phil for å bli medlem, men etter radikaliseringa vart alle invitert. Dei første åra diskuterte studentane mellom anna kva som ville skje dersom Sovjetunionen angrep Norge. Men kommunistane og sosialistane var altfor usamde – det vart omtrent berre krangling. Eit år arrangerte dei politiske grupperingane to ulike 1. mai-tog, fortel Magnus Andersson.

Men på 80-talet endra dette seg. 

– Det einaste som var blodraudt på 80-talet var økonomien til samfunnet. Den politiske tilknytinga var borte. Frå 80-talet og til i dag har det omtrent berre vore fest, moro og kulturelle aktivitetar som studentkor og korps på samfunnet. Dagens studentsamfunn er ein del av den 30 år gamle kulturen frå 80-talet.

Ifølge Andersson stridast dei lærde om nøyaktig når i 1967 Studentsamfunnet i Tromsø vart oppretta.

– Nokre dokument seier at samfunnet hadde sitt første møte i slutten av februar, difor hadde vi ein feiring på Studentsamfunnet også i februar i år. Men andre dokument seier at det skjedde 25. april.

I dag fungerer Studentsamfunnet som ein paraplyorganisasjon for studentkulturen i Tromsø. Driv, studentsamskipnaden og ulike kulturelle studentgrupperingar, opplyser Andersson. 

Torsøe, Mathilde
Publisert: 27.04.17 15:00 Oppdatert: 27.04.17 16:59
Vi anbefaler