UiT-forskarar gjev innspel til FN for ny havrettskonvensjon

03.04.17 Trude Haugseth Moe

Forskarar frå KG Jebsen-senter for havrett ved Det juridiske fakultet ved UiT, er denne veka i New York for å gje innspill til FN om bruken av marine ressursar i havet.

Kven har retten til dei unike biologiske ressursane som kan finnast i havet? Det vert i desse dagar diskutert i FN - med innspel frå forskarar ved Det juridiske fakultetet ved UiT. Foto: Colourbox

Høvet for presentasjonen er at ein er i gang med å forhandle fram tillegg til FN sin havretts-konvensjon, som vart vedteke i 1982 (sjå faktaboks). Forhandlingane skjer i ein førebuande komité kor delegatar frå over 100 statar, mellomstatlege organisasjonar og ikkje-statlege organisasjonar deltek.

Kristine Kraabel ved KG Jebsen-senter for havrett er med på å organisere ein presentasjon i FN i New York denne veka. Tema er havrettskonvensjonen og kven som skal ha rettigheitene til alle dei "nye" ressursane ein har oppdaga i havet. Foto: Trude Haugseth Moe

Meir kunnskap om havet

Mykje har nemleg forandra seg sidan ein først begynte forhandlingane i FN om Havretts-konvensjonen på 1970- og 1980-talet. 

– Då FN forhandla fram havrettskonvensjonen såg verda litt annleis ut. Den gongen hadde ein mest fokus på kva som fanst av verdiar på havbotnen, i form av olje og mineral, og om kven som skulle ha retten til dei ressursane. Ingen tenkte på levande arter som levde djupt nede i havet. No veit vi mykje meir om havet og kva som lever der, og det er naudsynt å avklare mange ting: kva skal vi gjere med alle dei marine genetiske ressursane som lever djupt nede i havet? forklarer Kristine Kraabel, som er Phd-student ved KG Jebsen-senter for havrett ved Det juridiske fakultet.

Ho skriv doktoravhandling om temaet og skal delta på møtet som observatør og assistere ved presentasjonen.

Marin bioprospektering

Bakgrunnen for arbeidet med å endre konvensjonen er den store interessa for såkalat marin bioprospektering verda over. Det inneber å leite etter gen og biomolekyler frå bakteriar, algar og dyr som er samla inn frå havbotnen eller i vannsøyla..

Det er store forventingar blant forskarar, styresmakter og farmasøytiske selskap til at marin bioprospektering kan føre til utvikling av nye medisinar og forbindingar til bruk i mat, fôr og i industriprosessar.

Korleis Noreg skal regulere marin bioprospektering, er derimot uklart. Vi har i dag ikkje eit fungerande regelverk for rettsproblematikk knytt til uttak, utnytting av og fordelsfordeling – fordeling av godane – frå marine ressursar.

Delegasjon frå Norge 

Forsker ved KG Jebsen-senter for havrett ved UiT, Vito De Lucia, skal fortelje FN-komitéen om Arktis og kva for organ som finst for å forvalte rettigheitene knytt til Polhavet. Foto: Trude Haugseth Mo

Presentasjonen skal føregå som ein såkalla «side event» (sideprogram) under møta til den førebuande komitéen som jobbar med marin bioprospektering. Det er Frithjof Nansen-instituttet (FNI) og KG Jebsen-senter for havrett ved UiT som saman er vertar for sideprogrammet.

Frå KG Jebsen-senter for havrett, er det post doktor Vito De Lucia som skal halde ein presentasjon som dreier seg om situasjonen i Arktis når det gjeld bioprospektering, og kva for organ som finst for å forvalte og regulere rettane knytt til Polhavet, til dømes rollen til Arktisk råd.

Frå FNI skal Christian Prip og Morten Walløe Tvedt halde presentasjonar, i tillegg til Kjell Kristian Egge frå Utanriksdepartmentet.

Få reglar på «ope hav»

Utfordringa for havretten er jo nemleg at det finst reglar for ressursane i havet som ligg innanfor kontinentalsokkelen til kvar kyststat. Kyststaten har eksklusiv styresmakt over desse ressursane. Men i havområda og på havbotnen utanfor 200 nautiske eller kontinentalsokkelen – på det såkalla «opne hav» og på djuphavet – er regelverket mangelfullt.. 

- Det er eit viktig område, når ein veit at 50 prosent av havet i verda vert rekna som «ope hav», seier ein engasjert Kraabel.

"Fritt fram" eller dele? 

Det er mange spørsmål som reiser seg. Kven skal ha rett til å utnytte desse nyoppdaga ressursane? Her er det skilnader mellom dei rike og fattige landa i verda.

– Dei rike landa meiner at alle som vil, skal kunne utnytte ressursane, medan utviklingslanda meiner dette er den felles arven i verda som bør delast, forklarer Kraabel.

Kven har rett til kva? 
Det same gjeld rettane rundt forsking som vert gjort på havressursane. Kven skal ha rettane til kunnskapen som vert produsert om ressursane i havet? Berre dei rike landa som ofte produserer den, eller bør kunnskapen delast?

I tillegg kjem sjølvsagt spørsmåla rundt miljøet: Kva for omsyn skal ein ta til berekraft og vern av økosystemet?
Ikkje rart at møta til den førebuande komiteen varer ei stund - nemleg 14 dagar.

Dette er det tredje av totalt fire førebuande møte før komiteen skal presentere kunnskapen sin i FNs generalforsamling. Som etter kvart altså skal munne ut i anten ein ny eller endra havrettskonvensjon.

– Det er utruleg spennande å få vere med på noko så viktig – ein eineståande start på mitt pHd-prosjekt,  avsluttar Kristine Kraabel, som starta doktorgradsprosjektet sitt ved KG Jebsen-senter for havrett i februar i år.

Om Havrettskonvensjonen

(“United Nations Convention on the Law of the Sea”)

Regleae for korleis statar kan bruke havet står i havrettskonvensjonen til FN.

Vedteke:: 10.12.1982

Trådt i kraft: 16.11.1994

Ratifisert av Norge: 24.06.1996

Havrettskonvensjonen kallast ofte ”grunnlova i havet”. Konvensjonen regulerer det aller meste som har med havet å gjere, frå fiske og oljeutvinning til miljøspørsmål, ferdsel og landegrenser.

Havrettskonvensjonen har eigne bestemmingar som har med kontinentalsokkelen til dei ulike landa å gjere. Kontinentalsokkelen vil seie den delen av havbotnen som høyrer til dei ulike kontinenta. Viss statar kan påvise at kontinentalsokkelen deira strekk seg lenger enn 200 mil frå kysten, kan dei krevje å få den økonomiske sona utvida.

I tillegg vert det i konvensjonen bestemt kven som kan bruke ressursane som lever i havet og på havbotnen.

Målet med dagens forhandlingar:

Forhandlingane i komiteen den norske delegasjonen no besøkjer, skal leggje grunnlaget for ein mogleg traktatkonferanse om mellom anna regulering av retten til genetiske ressursar, om fordelinga av gevinstar av haustinga av slike ressursar og om reglar for etablering av marine verneområde. Viss einigheit vert oppnådd vil den nye avtalen gjelde i havområde og på havbotnen utanfor 200-mils sona og kontinentalsokkelen.

 

Kjeldr i for denne saka: KG Jebsen senter for havrett, FN.no, Forskning.no

På Twitter   #norgesarktiske