Frå lokalt til globalt på Håp i Havet

Linjene frå det lokale til det globale er mange og viktige å finne. Korleis det kan gjerast er tema på årets studentkonferanse Håp i Havet på BFE-fakultetet den 12. februar. Universitetsrektor Anne Husebekk er hovedtalar på konferansen.
Grytås, Gunnar
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Gunnar Grytås
Publisert: 02.02.15 00:00 Oppdatert: 03.02.15 09:08

Sjef for Håp i Havet 2015, Kristian Johansen

Det er i år femten år sidan Håp i Havet vart arrangert for første gong. Studentkonferansen var først og fremst tenkt som ei årleg samling av nye og gamle studentar frå «fiskerifaga». I dag står alle studentar ved Fakultetet for biovitenskap, fiskeri og økonomi saman om konferansen som også skal vere ein årleg møteplass med forskninga, næringslivet og politikken.

Formålet er utveksle erfaringar, synspunkt og konkrete idear på korleis vi brukar ressursane på kysten i vidaste forstand. Også i år er det nok av saker som vil bli debattert. Eit innslag på programmet; «Fiskeritimen» har ei deltakarliste som gjer det uråd å unngå Tveterås-utvalget.

Jobb etter speed-dating?

Sjef for studentstyret til Håp i Havet, Kristian Johansen, fortel at eit nytt innslag på årets program er speed-dating mellom snart jobbklare studentar og bedrifter. Her kan dei finne ut om dei vil dele ei framtid saman. Om det ikkje blir heile livet, kan det kanskje bli nokre år som kan bli viktige for den framtidige karrieren.

– Vi legg opp til korte og intense møte på ti minutt mellom studentane og bedrifta. Deretter får dei sjølv finne ut om dei skal halde kontakten. Så langt er vi nøgde med påmeldinga, etter at det gjekk litt tregt i starten. Vi er også spent på kva slags tilbakemeldingar vi får på dette, seier Johansen.

Berre bedrifter som sponsar Håp i Havet får lov til å delta på dette eksklusive frieriet, og dei skal presentere seg gjennom rekrutteringsforedrag allereie i morgon (onsdag 4. oktober). Dei kunne vore fleire enn tre. Men Salmar, Sjømatrådet og Nofima er i alle fall klar for ein sjekkerunde.

Tema-foredrag

Medrekna universitetsrektor Anne Husebekk sin åpnings/hovedtale er åtte ulike foredragshaldarar invitert til konferansen. Frå sine ulike yrke og ståstader er dei invitert til å snakke rundt temaet «Lokal satsing. Globale muligheter».

I tur og orden skal Christian Chramer, Kjersti Elise Tønnessen, Petter Høiseth, Geir Henning Wintervoll, Karin Fevaag Larsen, Trude Pettersen og Lena Fjellvang innta talarstolen. Den siste inviterte Ørjan Burøe må vente til banketten om kvelden.

 

 

 

 

 

 

Grytås, Gunnar
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Gunnar Grytås
Publisert: 02.02.15 00:00 Oppdatert: 03.02.15 09:08
Vi anbefaler