Nettet vart til hjelp i kvardagen

Gjennom eit nettforum der dei ope kunne dele erfaringar med andre, greidde ungdom med psykisk sjuke foreldre å meistre kvardagen betre.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 20.06.14 00:00 Oppdatert: 23.06.14 15:27

Marianne V. Trondsen. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Saman skapte dei eit fellesskap på nettet - eit   normaliseringsfellesskap.

- Pårørande til psykisk sjuke får ofte lite oppfølging. Og born av psykisk sjuke kan slite med samansette utfordringar - frå praktiske, kvardagslege problem, til ansvaret dei må ta for andre i familien og uroa dei føler for å bli sjuke sjølve, fortel sosiolog Marianne V. Trondsen, som denne veka disputerte på ph.d.-avhandlinga si i sosiologi.

- Men gjennom kontakt med andre i same situasjon fekk mange augo opp for at situasjonen deira ikkje var så spesiell i høve til andre med psykisk sjuke foreldre, og såleis vart nettforumet ein stad der dei sjølve kunne føle seg meir normale.

Ungdomsperspektivet

Avhandlinga til Trondsen er skrive med eit barndomssosiologisk perspektiv - det vil seia at barnet, eller ungdomen i Trondsen sitt tilfelle, er sentrum for forskinga. Det er ungdomen som eit handlande subjekt, ikkje som eit objekt på veg til å bli ein vaksen, som er interessant.

- Dei kan sjåast på som "beings", ikkje berre "becomings" - altså dei er noko her og no som dei er med og formar sjølve, dei er ikkje berre på veg til å bli noko anna, forklarar Trondsen.

Difor var det også ungdomane sine eigne fortolkingar av den situasjonen dei var i, som interesserte Trondsen, og ho har summert opp fem tematikkar som gjekk igjen i nettdiskusjonane:

  1. Mangel på openheit og informasjon rundet forelderens sjukdom - både frå hjelpeapparat og frå familien og dei næraste
  2. Det uføreseielege og ustabile i kvardagen
  3. Redsel
  4. Einsemd
  5. Sorg og sakn

- Men gjennom delingar av erfaringane dei hadde gjort i kvardagslivet kunne dei diskuterte korleis dei betre kunne handtere sin eigen situasjon. Dei gav kvarandre hjelp og støtte, og dei skapte eit ope fellesskap der dei kunne gjenkjenne sine eigne utfordringar hjå andre.

- Forumet vart ein stad som hjelpte dei vidare i livet, og dei gjekk frå å leite etter individforklaringar på den situasjonen dei var i, til å heller sjå på den samanhengen dei sjølve var i.

- Sjølvhjelpsforumet vart såleis både ein endringsarena og ein mestringsressurs, fortel Trondsen.

Anonym sjølvhjelpsgruppe

Forumet heitte og heiter Snakkerommet, og er å finne på Sørlandet sjukehus sine nettsider for barn med ein psykisk sjuk forelder, Morild. Trondsen arbeidetr ved Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin (NST), og forskingsprosjektet var såleis eit samarbeid mellom sjukehuset og NST.

I den anonyme sjølvhehjelpsgruppa var det 16 deltakarar mellom 15 og 18 år, som alle hadde oppsøkt nettforumet på eiga hand. Trondsen følgde dei i to år. Ho var såkalla administrativ moderator av forumet - det vil seia at ho gjorde deltakande observasjonar, følgde med og organiserte, men la seg ikkje oppi kva ungdomane diskuterte og kom ikkje med faglege innspel.

- Det var så å seia ingen behov for å moderere vekk negative ytringar eller destruktive diskusjonar.

- For mange er det tydeleg at anonymiteten gjer at dei føler seg friare til å opne seg opp, og diskusjonane vart konstruktive og løysingsorienterte. Det var ei kompetent gruppe, trass i den alvorlege og sårbare situasjonen mange var i, seier Trondsen.

Nettet er ungdomens arena

Etter dei to åra som moderator, djubdeintervjua Trondsen 13 av deltakarane. Ho reiste land og strand rundt, for forumet hadde tiltrekt seg deltakarar på tvers av landsdelane.

- I intervjua stadfesta mange av deltakarane det inntrykket eg hadde fått av dei på nettet. Og fleire gav uttrykk for at det var lettare for dei å skrive om vanskelege ting. Ein sa det treffande; "då slepp eg å sitja der å sjå reaksjonen til den andre personen med ein gong."

- Det viser også korleis nettet er ein arena denne generasjonen beherskar til fulle, seier Trondsen.

- Teknologien avgrensar ikkje, men er tvert imot det som gjer handling mogeleg. Teknologien er ein integrert del av kvardagen.

Og kanskje særleg mellom jentene, for av dei 16 deltakarane i gruppa, var det berre ein gut.

- Eg har i avhandlinga ikkje analysert dét nøyare, men det er absolutt ein observasjon å sjå nærare på. Er jenter overrepresenterte i slike forum generelt - og kvifor det, i så fall?

Referanse:

Trondsen, Marianne V. : ”Vi er ikke syke mennesker - vi har bare et behov for å snakke". En kvalitativ studie av en internettbasert selvhjelpsgruppe for ungdom med en psykisk syk forelder. Ph.d.-avhandling. UiT 2014.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 20.06.14 00:00 Oppdatert: 23.06.14 15:27
Vi anbefaler