Pippi Langstrømpe på kildinsamisk med UiTs hjelp

Dei tre bøkene om Pippi kjem no ut for første gong på samisk - det vil seia kildinsamisk. Ein ny, viktig brikke er lagt til revitaliseringa av det truga språket.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 21.05.14 00:00 Oppdatert: 03.12.16 17:38

Kildinsamisk treng litteratur

Kildinsamisk er det største av dei samiske språka i Russland og blir tala av samane på Kola. Tidlegare over heile halvøya, no omtrent berre i Lovozero. 

- Dette språket treng litteratur. Men det meste av det som blir gjeve ut er tradisjonsstoff, folklore, dikt og religiøse tekstar, fortel stipendiat på Institutt for språkvitskap, Elisabeth Scheller.

- Eg og omsetjaren fann difor ut at me ville omsetja ei bok  med moderne språk - som er til nytte for dei som skriv på samisk i dag, seier Scheller.

Og då vart det Pippi.

- Boka er morosam og passar for mange målgrupper - og den er varig og evigaktuell. I tillegg har ho eit godt kvardagsspråk som er nyttig for den som skal lære seg kildinsamisk.

Idealistisk arbeid

Det har vore eit langt og omfattande idealistisk arbeid med Pippi-boka - både språkleg og økonomisk. Allereie i 2011 fekk dei rettigheitene frå Saltkråkan AB til å omsetja boka, men omsetjings- og redaktørstøtte har det vore verre med.

- Men til slutt fekk me trykkestøtte til 1000 eksemplar frå Urfolkssenteret i Murmansk. Me kan såleis gje bøkene til dei kildinsamiske lesarane gratis - noko me er veldig glade for, fortel Scheller.

Omsett frå russisk

Kildinsamane nyttar sjølvsagt i tillegg russisk, og omsetjinga av Pippi er gjort frå russisk - av ein av kildinsamisk sine nestorar og mest produktive brukarar, nemleg forfattaren, poeten, læraren, språkaktivisten og skaparen av det kildinsamiske alfabetet, Aleksandra Antonova (82).

aleksandra antonova
Aleksandra Antonova har omsett Pippi til kildinsamisk. Foto: Viktorija Bakula.

I etterkant av omsetjinga har Scheller gjennomarbeidd manuset språkleg.

- Kildinsamisk er eit ungt skriftstpråk og difor er språkbruken prega av inkonsekvensar. Det var mykje eg også ikkje forstod, men ved hjelp av det språkteknologiske miljøet på Giellatekno her på UiT gjorde eg tre rundar med rettingar for å få det til å bli mest mogeleg konsekvent, smiler Scheller.

- Dessutan skil den russiske omsetjinga seg frå originalen på ein del område, så eg måtte i tillegg "korrigere" teksten. Den kildinsamiske omsetjinga er no difor nærare den svenske enn det den russiske omsetjinga er.

Også ordbok

No arbeider Antonova og Scheller vidare med boka - og skal på bakgrunn av manuset også gje ut ei ordbok. I dette arbeidet får dei støtte frå Senter for samiske studium ved UiT, Barentssekretariatet og Urfolkssenteret i Murmansk (GOBU).

- Det blir eit nyttig hjelpemiddel for dei som skal lesa boka og eit viktig nybrottsarbeid for kildinsamisk.

- Mange av orda som er nytta i Pippi finst ikkje i dei kildinsamiske ordbøkene som er tilgjengelege i dag, avsluttar Scheller.

I dag, onsdag 21. mai, blir boka lansert på det etniske kultursenteret i Lovozero, og du kan lesa meir om og frå boka her.

Vi anbefaler