Tysk kvinnekamp på fagleg lønsj
Voltmer tok tilhøyararne med på hundreår med tysk kvinnekamp i føredraget "Women, power and political participation in Germany, 1500-1920".
Voltmer er mellomalder- og tidleg nytidshistorikar og tilsett ved Universitetet i Trier i Tyskland. Ho har ein doktorgrad på prelaten Johann Geiler (1445-1510) frå Strasbourg, og ho har forska på trolldomsprosessar, særleg i Trier-området.
På UiT er Voltmer ein av åtte professor II'arar knytt til prosjektetet Kjønnsperspektiv i forskning og undervisning. Ho har undervist på kjønnsstudiet og på historie og religionsvitskap.
![]() |
| Rita Voltmer tok forsamlinga med på eit sveip gjennom fleire hundre år med tysk kvinnekamp. Under lønsjen etterpå var det aktiv diskusjon. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg |
Luthersk manns- og kvinneideal
- I løpet av 1800-talet vart kvinna "den andre". Dei tyske historikarane oversåg og skreiv ut av historia den rolla som både dei kvinnelege regentane og kvinnelege adelege hadde spelt i hunrdeåra før, sa Voltmer.
- Fleire hadde hatt betydeleg politisk makt, det same gjeld den heilt spesielle posisjonen til ein del nonner i både katolske og protestantiske frie kloster i det tysk-romerske riket.
- Men dette passa ikkje med det lutersk-protestantiske todelte idealet som vart rådande utover 1800-talet, der menn høyrde til i den aktive, offentlege sfæren og kvinner i den passive private. Preussen var mannleg, sa Voltmer.
Tredeling av kvinnerørsla
Samstundes voks det fram kvinnekamp også i Tyskland på 1800-talet, og den organiserte kvinnerørsla delte seg etterkvart i tre retningar; moderate middelklassekvinner frå borgarskapet, radikale middelklassekvinner frå brogarskapet og kvinner frå arbeidarklassa.
- Arbeidarklassekvinnene var sosialistisk og internasjonalt orienterte, medan kvinnene frå borgarskapet delte seg i to tydelege fløyar, fortalde Voltmer.
- Dei moderate var opptekne av at det var og skulle vera skilnad på kjønna som naturleggjorde todelinga i arbeidslivet. Kvinner skulle vera åndelege mødrer for barn og nasjon. Dei skulle gjerne vera utdanna, men alt dei gjorde skulle byggje opp under det "heilage morskapet". Seksuell frigjering var eit ikkje-tema.
- Dei radikale var derimot opptekne av full likestilling på alle område gjennom deltaking og lovendring. Kampen for stemmerett var sentral.
- Alt i alt kan ein seia at klasseskiljet var sterkare enn kjønnsskiljet i dei kampane som vart førde, sa Voltmer.
![]() |
| Rita Voltmer tykte fagleg lønsj var eit glimrande tiltak - som ho skulle ta med seg heim til Universitetet i Trier. Her omkransa av Liv Helene Willumsen, IHR (t.v.) og Ann Therese Lotherington, leiar ved KVINNFORSK. |
Røysterett i 1918
I Weimar-republikken frå 1918 vart stemmerettskampen førebels krona med siger. Alle kvinner og menn fekk røysterett, og i 1919 røysta 90 % av alle kvinnene - og 10 % av dei vart representantar i Riksdagen.
- Ikkje før i 1983 var det tilsvarande høg kvinnerepresentasjon igjen i Bundesdagen, la Voltmer til.
Men også mange kvinner tok sitt engasjement ut i den høgredreiande nasjonalistiske og patriotiske politikken i Tyskland utover i mellomkrigstida, som med nasjonalsosialistane si overtaking i 1933 sette ein effektiv stoppar for kvinneleg deltaking i det politiske livet.
- Hitler sende kvinnene tilbake til kjøkkenbenken, slo Voltmer fast.
.jpg)
.jpg)


