Slår hol på myten om barrierar mellom helseprofesjonane

Fellesundervisninga i helsefagutdanningane i Tromsø var ein god ide som feila. Noko av grunnen er ei ibuande førestilling om profesjonsbarrierar i helsevesenet.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 06.03.14 00:00 Oppdatert: 06.03.14 11:18

Britt-Vigdis Ekeli. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Det kjem fram i den nye doktorgradsavhandlinga til antropolog Britt-Vigdis Ekeli.

Felleskurset for helsefagutdanningane

Det empiriske utgangspunktet for avhandlinga er det såkalla "felleskurset" for dei helsefaglege grunnutdanningane i Tromsø. Dette kurset vart etablert i 1992, og intensjonen var å betre kvaliteten på helsetenestene ved å styrkje helsepersonell si evne til å samarbeide og tenkje heilskap.

- Men intensjonen vart ikkje oppfylt med denne fellesundervisninga, seier Ekeli.

- Sjølv om deltakarane både undervegs og i etterkant støtta opp om ideen og understreka kor viktig det er med samarbeidslæring.

Avdelingsgrenser, ikkje profesjonsgrenser

Så kva gjekk feil?

Ein av premissane for fellesundervisninga då den starta opp i si tid, var ein ide om at det fanst barrierar mellom helseprofesjonane som eit slikt felleskurs kunne bøte på. Avhandlinga til Ekeli syner at denne førestillinga om profesjonsbarrierar levde i beste velgåande både på store sjukehus og ute i kommunehelstenetsa.

- Men det fanst ingen dokumentasjon for at det eksisterte slike barrierar då fellesundervisninga vart innført i 1992, så i tillegg til å studere sjølve undervisningsopplegget, har eg gjort studiar i felten.

- Og det som kom fram - både i kommunen og på sjukehuset - var at det daglege arbeidet er prega av nødvendig og stor vilje til å samarbeide over profesjonsgrensene, seier Ekeli.

- Samarbeidsvanskane og kampane kom først og fremst til syne mellom avdelingane, og ikkje mellom profesjonane - både på sjukehuset og i kommunehelsetenesta.

Tvetydigheit

I avhandlinga har Ekeli forsøkt å analysere denne tvetydige motsetnaden mellom førestillingar om barrierar og samarbeid i praksis.

Ho analyserer også tvetydigheita i felleskurset.

- Det var ein god og viktig ide, men det bidrog ikkje til å utvikle samarbeidskompetanse, seier ho.

Ekeli trekkjer i avhandlinga dessutan liner til det mønsteret av tvetydigheiter som ligg mellom helsepolitiske ideal og styringsstrukturer i helsetenesta.

Brei erfaring og tett på forskingsprosjektet

Ekeli har hatt ei særskilt brei erfaring å hauste frå i avhandlingsarbeidet sitt. Ho har ein dobbelt fagleg bakgrunn ved å vera både fysioterapeut og antropolog. Ho har vore med å byggje opp fysioterapiutdanninga i Tromsø, ho har site i nasjonale utdanningsutval og ho har vore prorektor for utdanning ved UiT etter at Høgskolen og Universitetet i Tromsø slo seg saman.

Då felleskurset vart etablert var ho rektor ved Tromsø helsefaghøgskole. Ho var då, saman med dekanen ved Det medisinske fakultetet, fagansvarleg for gjennomføringa av kurset.

- Det vil seia at eg har vore ein del av empirien i prosjektet mitt. Denne nærleiken var ei utfordring både i forkskingsarbeidet og skriftleggjeringa av det, seier Ekeli.

Referanse:

Ekeli, Britt-Vigdis: Tvetydighet. En studie av samarbeid i helsetjenester og samarbeidslæring i helsepersonellutdanning. Ph.d.-avhandling. UiT 2014.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 06.03.14 00:00 Oppdatert: 06.03.14 11:18
Vi anbefaler