Fiskeriministeren gjev studentane full score for val av tema

Fiskeriminister Elisabet Aspaker meina styret for Håp i Havet 2014 trefte blink med val av tema for årets konferanse. Kysten, er eit arktisk eventyr, og verdiskapinga i nord er meir enn dobbelt så høg som i resten av landet.
Publisert: 24.02.14 00:00 Oppdatert: 24.02.14 12:14

Av Kari Johanna Tveit

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker hadde fått æra av å opne Håp i Havet 2014 som vart arrangert på Noregs fiskerihøgskule sist torsdag. Ho starta med å skryte av studentane sin innsats med eit godt gjennomført arrangementet gjennom 14 år.

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker holdt åpningstalen under årets Håp i havet konferanse. Fotograf: Heidi Hemmingsen

-Konferansen har etablert seg som ein verdifull møteplass for studentane ved BFE og dei marine næringane. Studentane får sjansen til å treffe mogelege framtidige arbeidsgjevarar, på same tid som konferansen har etablert seg som eit fagleg forum for alle som er opptatt av verdiskapinga som føregår på kysten, sa fiskeriministeren til forsamlinga.

Ho takka arrangørane for invitasjonen til å komme å snakke om kor viktig det er å satse på kunnskap i sjømatnæringa.

Håp i havet-styret 2014 traff blink med årets tema.

Best på verdiskaping i Nord-Norge

I talen til studentane viste Elisabeth Aspaker til ein rapport utarbeida av Oslo Economics og Rederiforbundet som vart presentert same dag som Håp i Havet gjekk av stabelen. I undersøkinga som ligg til grunn for rapporten har ein sett på utvikling i verdiskaping i alle dei arktiske landa. Både i Canada, USA, Russland og i Noreg er det dei nordlege regionane som har størst vekst. Det kjem fram at Nord-Noreg har ein årleg snittvekst på ni prosent, medan veksten i Noreg, utanom Svalbard, er på 1,5 prosent. Fiskeri og havbruk er ei av dei fem næringane som har gjeve mest vekst i seinare år.

Treng kompetanse

Fiskeriministeren framheva vidare at Nord-Noreg har eit godt utgangspunkt for verdiskaping og vekst, men for å få det til, også i framtida, er ein heilt avhengig av relevant kompetanse, og det er heilt nødvendig å ha ei bevist satsing på kompetanseutvikling. Ho trur dei studentane som vel eit utdanning som gjev arbeid i marin sektor, kan få gode jobbar, både innan forsking, forvaltning og privat næringsliv.

På den andre sida framheva fiskeriministeren at arbeidsgjevarar i marin sektor som har behov for marin kompetanse, bør merke seg at det er kamp om hovuda. Ho rådar dei difor til å tilby  lokale praktikantstillingar.

- Det er viktig å informere breitt kva yrkesvega ein gjev tilbod om. For å sikre nytenking treng vi faktisk det påfyllet som dei nyutdanna representera, sa ministeren.

Eit paradoks

Dei historisk høge torskekvotane i Barentshavet er i fylgje Aspaker bygd både på forskingskompetanse, og på det gode samarbeidet som er etablert mellom Russland og Noreg. Men ho syns likevel det er eit paradoks at det ikkje er mogeleg å tene meir pengar på eit så ettertrakta råstoff som fisken frå det kalde havet i nord, faktisk er. Difor må det vere heilt sentralt å jobbe for å utvikle marknaden og sikre at torsken vert sette betre pris på.

Trur på levende lagring

Aspaker vurdera laksenæringa som ein suksess, og ho meina utviklinga som har skjedde i denne delen av sjømatnæringa synleggjer det verdiskapingspotensiale som finst, også i andre delar av næringa.

Mellom anna så trur ho ei større satsing på levande lagring av torsk kan auke verdiskapinga i Nord-Noreg. Difor vil ho presentere ein strategi for levande lagring som kan bli eit verdifullt bidrag til utvikling på sikt.

- Ei slik satsing kan jamne ut sesongtoppar, stabilisere leveransane til industrien, og ikkje minst auke kvaliteten på råstoffet, sa ministeren og framheva at arbeidet alt er i gang. Ho viste til Nergaard AS sine planar om å bygge fem stjernes torskehotell på Senja.

Laksenæringa som gyllent eksempel

Då professor Harald Skjervold på landbrukshøgskulen på Ås fekk ideen om å utvikle laksen som eit nytt «husdyr», var det få som trudde heilt på han. Men Skjervold let seg ikkje stoppe, og Aspaker trur det var hans grunnleggande kompetanse, og ikkje minst den sterke trua på suksess som la grunnlaget for den havbruksnæringa vi ser i dag.

- Relevante utdanningar gjer det mogeleg å ta nye idear i bruk, framheva Aspaker.

Regjeringa arbeidar for å verkeleggjere visjonen om 550 milliardar i omsetning

Fiskeriministeren i den blåblå regjeringa trur på ei utvikling av sjømatnæringa som gjer det mogeleg å omsette for 550 milliardar kroner i 2050.

- Regjeringa vil arbeide for å verkeleggjere denne visjonen. Det vil igjen bidra til at vi blir mindre avhengige av olje- og gassnæringane framover. Men det krev ei tilrettelegging for at regionane kan utvikle sine naturgjevne føretrinn, og ikkje minst må det jobbast for å styrke utdannings- og forskingsmiljøa, sa Aspaker.

Satsar på rekruttering

Til slutt framheva fiskeriminister Elisabeth Aspaker at regjeringa har eit mål om å sikre god rekruttering til fiskerinæringa og viser mellom anna til at undervisningskvotane er eit verkemiddel for å styrke opplæringa mot fiskeflåten. Ho vil mellom anna sjå på mogelegheita for at ungdom som tar utdanning innan fiske-fangst, kan få med seg sin eigen «lærlingekvote» ut i båten.

Ministeren viser også til at departementet har vore med å finansiere -Marin Student Boot Camp. Dette er eit rekrutteringsprosjekt som vart arrangert for første gang i år, og det handlar om at ei gruppe studentar frå universitet og høgskular samlast for å bryne seg på ulike problemstillingar i sjømatnæringa. Tre av studentane som deltok på første samling har sikra seg sommarjobb på Sintef.

Publisert: 24.02.14 00:00 Oppdatert: 24.02.14 12:14
Vi anbefaler