Språkleg fleirtydigheit med den franske preposisjonen "de"

Det fleirtydige ordet de på fransk har mange ulike bruksområde. Korleis de som preposisjon oppfører seg i lag med substantiv føre og etter - i konstruksjonen substantiv + de + substantiv - er no underlagt ein heilskapleg innhaldsanalyse.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 04.03.14 00:00 Oppdatert: 04.03.14 08:29

Mona H. Markussen sin disputas var den første ved UiT som vart gjennomførd fullt og heilt på fransk. Foto: Torje Jenssen.

- Ulik type bruk av de i denne samanhengen dannar nettverk av konstruksjonar. Nettverka er samansette, men det er likevel mogeleg å laga kategoriar basert på bruk, seier Mona Markussen, som nyleg disputerte på doktoravhandlinga si La construction Nom + de + Nom en français contemporain: essai d'une approche cognitive.

Disputasen var den første ved UiT som vart gjennomførd fullt og heilt på fransk.

Tre prototypar

- Eg trur at menneske lagar mentale kategoriar på bakgrunn av døme og erfaring. Møter me nye språklege uttrykk, oppfattar me tydinga til desse ved å lenke dei til andre liknande døme og samanhengen dei står i, utan nødvendigvis å ha ei forståing av heile den overordna kategorien som desse uttrykka går inn i, seier Markussen.

Gjennom 2355 ulike døme på bruken av substantiv + de + substantiv har ho såleis kome fram til at desse kan delast inn i 19 ulike kategoriar.

- Tre av desse er spesielt framståande hjå språkbrukarane og kan forklare korleis dei andre underkategoriane heng saman. Dei er lette å beskrive og det er bruksmåtar som har eksistert lenge, fortel Markussen.

- Den første er del-heilskapsrelasjonen, som i uttrykket "roue de bicyclette" [sykkelhjul].

- Den andre er den konstituerande relasjonen, som altså seier noko om kva slags stoff eller ting noko er av, som i "robe de soie" [silkekjole].

- Og den tredje relasjonen seier noko om behaldar og innhald, som "tasse de café" [kopp (med) kaffi].

Nettverk av tydingar

Desse kategoriane blir utfordra og utvida i stadig meir komplekse semantiske nettverk - altså tydingsnettverk. For på ein liknande, men meir abstrakt måte er uttrykk som "part de marché" [marknadsandel], "problème d’argent" [pengeproblem] og "livre d’histoire" [historiebok] døme på dei same tydingsrelasjonane, forklarar Markussen.

- Ein andel er nødvendigvis ein del av ein større heilskap, marknaden, på same måte som hjulet er ein del av sykkelen. Eit problem har ei årsak, og problemet eksisterer på grunn av denne årsaka - på same måte som kjolen eksisterer på grunn av stoffet han er laga av.

- Ei bok har eit abstrakt innhald, historia, og kan samanliknast med koppen som inneheld kaffien. Dei abstrakte bruksmåtene er definerte som innhaldsmessige forlengingar eller utvidingar av dei konkrete grunntydingane.

- Å gjenfinne og analysere kategoriseringsmønster kan vera vanskeleg for lingvisten, men kategorisering er noko språkbrukarane held på med uavlateleg, og det er difor naturleg å tenkje seg at me lagar og forstår nye uttrykk på bakgrunn av kunnskap me har frå før, meiner Markussen.

Konstruksjonen er eit godt døme på fleirtydigheit

Markussen si avhandling byggjer på teoriar om kognitiv grammatikk. Det vil seia at ho legg meir vekt på erfaring om variasjon i språkbruk, enn grammatiske teoriar som tek utgangspunkt i det universelle ved alle språk. Den kognitive tilnærminga ser ho som eit bindemiddel mellom dei konkrete erfaringane og dei abstrakte nettverka ho lagar kategoriar av.

- For meg gjev det meining å skildre språk og språklæring i tråd med det me elles veit frå psykologien om korleis me menneske lærer og forstår - korleis me oppfattar ting og relasjonar mellom ting, korleis me kan abstrahere og generalisere ut frå enkelttilfelle.

Markussen meiner såleis kognitiv språkteori er godt eigna til å analysere konstruksjonen substantiv + de + substantiv på fransk, sidan denne konstruksjonen består av mange undergrupper av tydingar og enkeltuttrykk som ikkje let seg fange innunder ein generell, ”objektiv” definisjon.

- Men den framviser likevel klare samanhengar mellom prototypane og dei andre meir abstrakte tydingane. Konstruksjonen er dermed også eit godt døme på det me kaller ein polysemisk, altså ein fleirtydig, kategori.

- Kognitiv lingvistikk er særleg oppteken av å beskrive korleis fleirtydigheit fungerer fordi nesten alle språklege uttrykk er fleirtydige og har fleire bruksmåtar, anten det dreier seg om enkeltord eller større konstruksjonar. Teorien om semantiske nettverk er dermed ein måte å gjera greie for dette allmennspråklege fenomenet på, avsluttar Markussen.

Heile avhandlinga kan lastast ned frå Munin.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 04.03.14 00:00 Oppdatert: 04.03.14 08:29
Vi anbefaler