BFE feira 123 nye mastergradsstudentar
I går feira Fakultetet for Biovitenskap, fiskeri og økonomi (BFE) at 123 mastergradsstudentar er uteksaminert siste studiår.
Av Kari Tveit
- Talet på uteksaminerte studentar ved BFE har gått opp med 30 prosent sidan i fjor, og det er vi svært stolte av her ved fakultetet, seier Prodekan for utdanning Monica Sundset. Ho viser til at dei aller fleste studentane har gått igjennom mastergradstudiet på normert tid, og det er fakultetet også godt fornøgde med fordi det inneber at dei har laga oppgåver som er godt tilpassa.
BFE omfattar mange ulike studium med stor breidde, noko som også trekke til seg mange utanlandske studentar.
Sundset meina det er viktig å skape ei ramme rundt avslutninga til studentane og ho er veldig glad for at det er etablert som ein tradisjon å lage ein slik festdag kvart år.
Eit fakultet med stor breidde
Dei uteksaminerte kandidatane fordelar seg med 24 nye mastergrader i biologi frå Institutt for Arktisk og Marin Biologi, 30 mastergrader frå Noregs fiskerihøgskule fordelt på programma Fiskeri- og havbruksvitskap, Marin bioteknologi, International Fisheries Management, og Integrert mastergrad i fiskehelse. Vidare er det 69 kandidatar som har tatt sin mastergrad ved Handelshøgskulen i Tromsø fordelt med 15 studentar innafor programma, leiing, innovasjon og marknad, seks studentar innafor Economics, 11 studentar som har tatt sin grad innafor Business creation and entrepreneurship, og 37 kandidatar innan Økonomi og administrasjon.
- Dette betyr at talet på uteksaminerte studentar har auka sterkt, og det er vi svært stolte av, sa Sundset i sin tale til studentar og andre frammøtte. Ho omtala mastergradsavslutninga som ein merkedag som ho er stolt og glad for å få lov å ta del i.
Må delta i samfunnsutviklinga
Sundset framheva ovanfor studentane at mastergradsdiplomet ikkje berre er eit bevis på at dei er smarte, dedikerte og hardt arbeidande. Diplomet bere også med seg eit stort ansvar for å bruke kunnskapane dei har tileigna seg til å vere med å utvikle eit betre samfunn.
- Vegen fram mot målet kan ofte vere humpete og bratt, men då er også gleda over å lukkast større. No skal de møte nye utfordringar og bestige nye fjell der alle vegane ikkje er merka ferdige på førehand. Mastergradutdanninga har ikkje berre gjeve dykk læringsutbytte med tanke på fagkunnskapar og ferdigheiter når det gjeld å analysere prøvar og liknande, eller å konstruere ein ny teori. Mastergradstudiet har også gjeve dykk det vi kallar akademisk dannelse. Med det meina vi det som gjer ein person til akademikar med kritisk evne til refleksjon. Akademisk dannelse er ikkje primært det å tileigne seg kunnskap, men det å kunne kritisere, utfordre og utvikle kunnskapen. Akademisk dannelse handlar også om det å ha innsikt i vitskapleg eller kunstnerisk tenkemåte, erkjennelseslære, fordjuping, saklegheit og kompetanse, sa Sundset og oppfordra til slutt studentane til å stoppe litt opp og nyte sommarnatta med måsegg og grilling i havgapet.
Takkar for inspirerte førelesarar
I tillegg til Sundset heldt også studentar frå dei ulike institutta ved BFE takketalar der dei fortalde om sine opplevingar og erfaringar frå studietida. Alle omtala fagmiljøet som svært positivt og sosialt godt, og ikkje minst så omtala dei førelesarane som inspirerande, engasjerte og fagleg flinke.

Studiesjef Morten Sætran ved BFE hadde ansvaret for regien på mastergradsstudentane sin avslutningsdag.

Prodekan for utdanning, professor Monica Sundset heldt hovudtalen til dei uteksaminerte mastergradsstudentane.

Alle mastergradsstudentane som deltok på markeringa

Mange hadde møtt fram for å feire dagen saman med studentane som no har avslutta sin mastergrad ved BFE.


