Eventyr blir ikkje forska på lenger

Det meinte museumsdirektør og folklorist Marit Hauan, då ho kåserte under opninga av Universitetsbiblioteket si utstilling "Det var en gang - Folkeeventyret mellom nasjonalskatt og verdensdikting."

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 15.11.12 00:00 Oppdatert: 16.11.12 11:21

- Mitt fag, folkloristikken, er vorte borte - teke opp i kulturminnevern og kulturanalyse, utdjupa Hauan.

- Og i litteraturfaget kan det virke som om eventyra er mindre interessante, av di dei er vortne plasserte i den munnlege, førskriftlege kulturen. Men det er jo det som er så interessant med dei norske folkeeventyra - dei eksisterte jo både før og vart etterkvart ein del av den nasjonsbyggande skriftkulturen på 1800-talet, sa ho.

Utstillinga på UB syner mellom anna fram mange av dei fargerike illustrasjoanne som følgjer eventyrutgåvene. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

Jubileum 

Det er i samband med 200-årsfeiringane av Peder Christian Asbjørnsen og Jørgen Moe at Universitetsbiblioteket har laga utstillinga. Asbjørnsen var fødd i 1812, Moe i 1813. I tillegg er det Grimm-jubileum i år - den første boka til dei tyske eventyrsamlarbrørne Jacob og Wilhelm Grimm kom ut i 1812; Kinder- und Hausmärchen.

- Men det overordna siktemålet med utstillnga er å sjå på folkeeventyra i spennet mellom det lokale, det nasjonale og det allmenne, mellom nasjonsbygging og verdskultur, sa biblioteksdirektør Helge Salvesen under opninga.

- Og i tillegg til jubilea har me eit særskilt blikk for dei nordnorske og dei samiske eventyra, fortalde han.

Vart nasjonalkultur

Ole Tobias Olsen var den første store innsamlaren av nordnorske eventyr. I 1912 kom det hovudverket Norske folkeeventyr og sagn, samlet i Nordland. Han samarbeidde med Moltke Moe, noko som fekk stor innverknad på verket.

Askeladden - eller Oskefisen - finst i mange variantar.

- Moltke Moe bearbeidde materialet, og resultatet vart at han han skreiv Olsen sine innsamlingar heilt om. Om lag 80 % av det som til slutt kom ut, er Moes omskrivingar.

- Men det illustrerer korleis mykje av folkediktinga vart ein del av nasjonalkulturen ikkje ved å bli samla inn, men ved å bli skapt, sa Hauan.

Ein annleis nordnorsk tradisjon

- Det er mange generelle kjenneteikn på eventyr - og sagor og fairy tales eller folk tales som det heiter på svensk og engelsk. Det er faktisk berre på norsk og dansk me snakkar om eventyr.

- Men dei nordnorske eventyra skil seg også ut. Dei er novellistiske, realistiske, utflytande i forteljinga - og har mange moderne element i seg, fortalde Hauan, før ho las frå sitt favoritteventyr; Den store mangfoldigheta.

Under opninga las også skodespelar Ketil Høegh Skarvene fra Utrøst og Moskenesstrømmen.

Ketil Høegh las om han Isak som møtte skarvane på veg til Utrøst.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 15.11.12 00:00 Oppdatert: 16.11.12 11:21
Vi anbefaler