Verdifull boksamling funne

Inst inne i eit lager i ein kjellar på universitetet vart det nyleg funne att fleire tusen bøker som ingen visste at dei hadde mista. No er Universitetsbiblioteket i full gang med å registrere samlinga - til glede for forskarane.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.10.12 00:00 Oppdatert: 12.10.12 09:17

Bøkene, tidsskrifta og ulikt anna materiale er ein del av den store samlinga etter den språkmektige kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud.

41 av 255 hyllemeter med bøker etter kyrkjehistorikar Oluf Kolsrud. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

- Her er mykje teologi og kyrkjehistorie på mange språk, men Kolsrud var også oppteken på andre frontar, mellom anna som sakkunnig i Grønlandssaka på 30-talet, så her er også bøker og skrifter som syner att den politiske situasjonen i samtida hans. Og det kan vera eigne manus. Det er veldig spennande å sjå kva me finn, seier fagreferent i historie, arkeologi, religionsvitskap og antikke studium ved Universitetsbiblioteket (UB), Per Pippin Aspaas.

Vart borte på vegen til Breivika

Kolsrud døydde i 1945, og samlinga vart kjøpt for 60.000 kroner av Tromsø folkebibliotek i 1949, moglegvis som eit ledd i deira prosjekt med å realisere nytt biblioteksbygg. Det kom aldri på plass, og då Universitetet i Tromsø kom på byrjinga av 70-talet, vart store delar av samlinga overført dit.

- Noko kom inn i Universitetsbibliotekets alminnelege samling, så delar av Kolsrud-samlinga har alltid vore å finne på hyllene våre.

Hovuddelen av samlinga er teologi og kyrkjehistorie, men Per pippin Aspaas viser her fram ei av bøkene knytt til Kolsruds engasjement som sakkunnig i Grønlandssaka.

- Men hovuddelen av samlinga er bøker om teologi og kyrkjehistorie, og på 70-talets Universitetet i Tromsø vart ikkje dette sett på som korkje interessant eller særleg framtidsretta i den profilen universitetet hadde og søkte å byggje, fortel Aspaas.

Store delar av bøkene vart difor pakka ned medan UB framleis var samlokalisert med Institutt for språk og litteratur (ISL) i Brenn-bygget i byen. Då flyttelasset gjekk til Breivikia, må bokkassene ha kome med ISL sine saker, og først under Operasjon Dagsverk i fjor var det ein ungdomsskuleelev som skulle rydde rask og skrot som fann dei att inst inne på eit lager på HSL-fakultetet. Ikkje mindre enn 255 hyllemeter med bøker...

- Ja, det er litt pinleg, innrømer Aspaas.

Men ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.

- Fordelen er at dei har liggje turt, trygt og samla. Her er mellom anna fleire bøker av antikvarisk verdi - originallitteratur frå 1600- og 1700-talet, fortel Aspaas.

Bibliotekarane Ulf Christensen og Marianne Kaldager leitar etter råte i bøkene.

Om restaureringsprosessen

UB set på alle måtar pris på at samlinga er attfunne og har no sett av midlar til eit større prosjekt for å registrere og tilgjengeleggjera materialet. Det er ein møysommeleg prosess: Det må først gjennomgåast og grovsorterast, deretter flyttast til eit ventilert rom der litteraturen blir støvsugd og sjekka for mugg- og råteskader.

- I arbeid med bevaring og oppbevaring av gamle bøker tenkjer ein gjerne at menneske og omgjevnader er farlege for bøkene, men det kan også vera omvendt. Å arbeide med mugg og støv kan vera skummelt, fortel Aspaas.

Han og dei to bibliotekarane som arbeider med samlinga har difor vore på studietur både til Nasjonalbiblioteket i Oslo og Spesialsamlingane til UB i Bergen, for å best mogeleg kunne hanskast med arbeidet.

- Det er utruleg korleis det fine støvet set seg alle stader, fortel Marianne Kaldager, medan ho kler på seg den kvite arbeidsdressen.

Bøkene må støvsugast og turkast med mikrofiberklut.

Saman med Ulf Christensen ser dei meir ut som rettsteknikarar enn bibliotekarar, der dei gyv laus på bøkene med støvsugar og mikrofiberklut. Dei har rekna ut at dei brukar omlag ein time per bokkasse.

- Så det tek si tid før me kjem fram til sjølve registreringa og systematiseringa av bøkene i Bibsys, ler dei. 

Hell i uhell trass alt

Men kanskje er det like godt at samlinga vart liggjande inst inni kjellarrommet på det som no er Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.

- Når bøkene vart pakka bort, vart dei kanskje også redda. UB har opp gjennom åra måtte kvitte seg med bøker det ikkje var plass til, og på 70- og 80-talet stod ikkje teologi høgt i kurs her. Dei verdifulle bøkene kunne rett og slett ha vorte kasta. Men no har UiT endra både karakter og profil, og nye forskargrupper vil kunne ha glede av samlinga etter Oluf Kolsrud, seier Aspaas.

To ferdigreinggjorde hyllemeter av Kolsrudiana klar til å registrerast inn i samlinga.

- Ja, dette er spennande og gledeleg, seier religionsvitar Roald E. Kristiansen og kyrkjehistorikar Hallgeir Elstad ved Institutt for historie og religionsvitskap.

- Ein trudde lenge at mykje av samlinga var tapt, legg Elstad til.

- Kolsrud hadde eit omfattande bibliotek - og dette er ei samling som har verdi både gjennom at det finst ein del originallitteratur der - men først og fremst fagleg. Frå eit kyrkjehistorisk synspunkt er det viktig både fordi samlinga inneheld mykje og variert kyrkjehistorisk litteratur, men også at det er kome fram materiale frå hans omfattande aktivitet utanom det reint kyrkjehistoriske faglege arbeidet. Boksamlinga speglar den store språklege interessa og kunnskapen hans, seier Elstad.

- Oluf Kolsrud var jo uvanleg kunnskapsrik og manuskripta hans er fylte av ein detaljrikdom som ein sjeldan finn i dagens forskingslitteratur, avsluttar Kristiansen.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.10.12 00:00 Oppdatert: 12.10.12 09:17
Vi anbefaler