Marie vann iPaden!

Historiestudenten Marie Berger (20) var den som best kunne svara på kva som kjenneteikna eit godt demokrati under årets Forskingstorg.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 02.10.12 00:00 Oppdatert: 02.10.12 14:05

Marie Berger (t.h.) tek imot iPaden frå instituttleiar ved ISS, Anne Britt Flemmen. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg.

Marie gjennomførde "Spelet om samfunnet" med godt resultat og kvalifiserte seg såleis til å svare på spørsmålet om kva som var dei viktigaste kjenneteikna ved eit demokrati. Alle under 20 år kunne delta i konkurransen - der ein kunne vinne ein iPad. 260 svar kom inn.

Presist nok

- 6 av dei 260 svara var me hundre prosent fornøgde med, og Marie sitt vart trekt ut blant desse seks i superfinalen, fortalde førsteamanuensis Marcus Buck under premieutdelinga tysdag. Saman med dei som hadde utvikla spelet, instituttleiar på ISS, Anne Britt Flemmen og førsteamanuensis Sissel H. Eriksen, var han jury.

- Hovudproblemet for mange var at dei skreiv ned for mykje - ei heil rekkje begrep som ikkje vart presise nok. Men Marie hadde med det viktigaste: frie val, fungerande uavhengig rettsstat, folkevald styre, maktfordeling og like rettar til alle. Veldig bra! skrytte Buck.

Over 400 deltok på Spelet om samfunnet under årets Forskingstorg.

Såpelet om samfunnet

"Spelet om samfunnet" var hovudinnslaget på HSL-fakultetet sin stand under årets Forskingstorg. Institutt for sosiologi, statsvitskap og samfunnsplanlegging (ISS) stod bak. Spelet, som var ei blanding av kultursti og kviss - eller ei "kunnskapsløype" - vart ein stor suksess, med over 400 deltakarar.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 02.10.12 00:00 Oppdatert: 02.10.12 14:05
Vi anbefaler