Å laste høy eller å laste lastebilen?
Det er spørsmålet.
![]() |
| Svetlana Sokolova |
Svetlana Sokolova disputerte nyleg på doktoravhandlinga si der ho undersøkte alle russiske verb av same typen som 'laste' - det vil seia verb som kan veksle mellom dei to relativt like, men grammatisk ulike konstruksjonane: "Å laste høyet på lastebilen" og "å laste lastebilen med høyet".
Fenomenet er velkjent i den språkvitskaplege litteraturen som "lokativ-alternasjon" - altså ei veksling der objektet (lastebilen, i dette tilfellet) i det eine tilfellet uttrykkjer stad, i det andre ikkje.
Ei ny forståing av kva som skapar variasjon
Denne lokativ-alternasjonen finst på mange språk, men forskingslitteraturen har fram til no vore stort sett konsentrert om dette fenomenet i engelsk.
- Tidlegare prøvde ein å forstå fenomenet med å forklare den semantiske, den innhaldsmessige, tydinga av verb - korleis variasjonen vart utløyst av verb som tydde nesten det same, men ikkje heilt.
- Men eg har forsøkt å tilnærme meg problematikken morfologisk, seier Sokolova.
- Det springande spørsmålet for meg var kva slags forhold det var mellom semantikk og struktur. Problemet i den tidlegare forskinga var at det var brukt for få døme til å seia noko om dette, og i russisk trudde ein at det var berre verbet 'laste' som kunne uttrykkje lokativ-alternasjon.
- Men eg sjekka heile korpuset av russiske verb og fann at det var mange verb av typen 'laste', men fleire av desse hadde ikkje prefiks - altså ulike forstavingar - dei hadde berre såkalla tomme prefiks. Difor var dei ikkje synlege på same måten for forskarar som leita atter semantisk variasjon, seier Sokolova.
Forståing av prefiks var nøkkelen
Sokolova har dermed slått fast at på russisk blir alternasjonen uttrykt med ulike prefiks av verbet - og avhandlinga hennar drøftar difor vidare dei semantiske bidraga frå verb sine prefiks.
- I tillegg har eg gjort mange funn om metaforisk bruk ved lokativ alternasjon som det ikkje har vore sett på før, smiler ho.
Les heile avhandlinga "Asymmetries in Linguistic Construal. Russian Prefixes and the Locative Alternation" i Munin.
.jpg)


