Jon Hellesnes utnemnd til æresdoktor


Jon Hellesnes er utnemnd til doctor honoris causa, æresdoktor, ved Universitetet i Bergen. Filosofen er professor emeritus ved Universitetet i Tromsø - kor han har vore professor sidan 1985 og tilsett like sidan starten i 1972.

Det var under promosjonen av dei nye doktorane ved Universitetet i Bergen at Hellesnes og seks andre vart tildelt æresdoktorat ved institusjonen. Hellesnes starta den filosofiske karrieren sin ved Universitetet i Bergen.

Hellesnes er ein produktiv forskar, forfattar og formidlar, og har fått ei rekkje prisar og utmerkingar. I presentasjonen av æresdoktoren skreiv UiB mellom anna dette:

"Hellesnes drøfter ofte filosofiske grunnlagsproblemer i kombinasjon med hverdagslige livserfaringer med bruk av originale eksempler og tankeeksperimenter. Dette gjør Hellesnes til en fremragende formidler. Hans omfattende forfatterskap blir lest både av fagfilosofer og det brede publikum."

Universitetet i Tromsø gratulerer!

Sjå han her:

 

På Twitter   #norgesarktiske