Sykla frå Oslo til Tromsø på konferanse

Britiske Clare Glenister er ikkje som andre ibseninteresserte bachelorstudentar. For å få med seg konferanse i Tromsø sykla ho likegodt frå Oslo til Tromsø.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 21.06.12 00:00 Oppdatert: 21.06.12 08:53

Claire Glenister sykla frå Oslo til Ibsen-konferanse i Tromsø. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

Claire Glenister tar ein grad i skandinaviske studium ved University College i London. Dette studieåret har ho vore på utveksling til Oslo for å studere Ibsen.

Kva var då meir naturleg enn å avslutte med den 13. internasjonale Ibsen-konferansen i Tromsø?

- Det var ein flott tur! Eg brukte 25 dagar - og stoppa berre i Lillehammer. Hadde tenkt å leggje inn ein dag i Mo også, men då eg kom dit og hadde kvilt ein halv dag, sykla eg likegodt vidare, smiler ho.

Med det resultatet at ho kom fram til Tromsø ei veke før konferansestart og har fått høve til å sjå seg om og besøkje vener i Harstad.

Claire er no godt igang med konferansen og har tenkt få med seg mest mogeleg.

- Men eg er særleg interessert i Ibsens tidlege stykke. I Oslo følgde eg eit emne med Ståle Dingstad om Ibsens komedier, og det var veldig kjekt, fortel ho, som neste år skal attende til London for å avslutte graden.

Men før det blir det ein tur vidare nordover på sykkel.

- Til Hammerfest, og så har eg veldig lyst til å sjå Berlevåg - eg har studert "Heftig og begeistert" - før eg set kursen sørover, gjennom Lofoten. ALLE seier eg må sykle gjennom Lofoten, ler ho.

Claire Glenister på omvising på Hålogaland Teater under konferanseopninga måndag.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 21.06.12 00:00 Oppdatert: 21.06.12 08:53
Vi anbefaler