Opna Ibsen-konferanse bak teppet
Då den 13. internasjonale Ibsen-konferansen opna på Hålogaland Teater i går, fekk deltakarane oppleva både framsida og innsida av teateret. - Det var flott å sjå alt det som er bak teppet, og det gav nye perspektiv i forståinga av teatermannen Ibsen, meinte ein av deltakarane.
![]() |
| Leiar for organisasjonskomiteen, Lisbeth Pettersen Wærp under opninga av Ibsen-konferansen på Hålogaland Teater. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg. |
Men først var det helsingar og lukkeønske til og for konferansen. Teatersjef, varaordførar og rektor ønskte velkomen til byen, følgd opp av internasjonale og heimlege leiarar for Ibsen-komitear og sjølve konferansen som gledde seg til å ha Ibsen i Tromsø.
Ibsen og det nordlege
Fleire peikte på sambandet - eller avstanden - mellom Ibsen og det nordlege, mellom Ibsen og Tromsø. Ibsen var så langt nord som til Nordkapp, men aldri i Tromsø.
- Men det var kona Suzannah og sonen Sigurd, og dei var svært begeistra, fortalde Lisbeth P. Wærp, leiar for organisasjonskomiteen.
Iren Reppen opna si teatersjef-tid med å setja opp Hærmennene på Helgeland nettopp av di ho meinte det var eit spennande tema med Ibsen og det nordlege.
- Og det er mykje til felles mellom den stridbare Hjørdis og den seinare Hedda Gabler, sa Reppen.
![]() |
| Chengzhou He er leiar i den internasjonale Ibsen-komiteen. |
Ein tverrfagleg konferanse med sterkt kunstnarisk nærver
Leiaren for Senter for Ibsen-studier ved Universitetet i Oslo, Frode Helland, understreka i si helsing korleis den internasjonale Ibsen-konferansen dei siste tjue åra hadde utvikla seg.
- Det er verkeleg vorte ein multikulturell og internasjonal konferanse, med deltakarar frå heile veda. Og konferansen har opna seg frå å vera hovudsakleg litterær og tekstkritisk, til også å romme andre fag som kulturstudium, utøvande kunstnarar og kritikarar.
- Og denne konferansen i Tromsø har eit sterkt kunstnarisk nærver, sa han.
Konferanse til laurdag - open for alle
![]() |
| Eit svært interessert publikum fekk omvising i teaterbygget på HT - her med skodespelar Ketil Høegh. |
Etter at deltakarane hadde fått servert Dr. Stockmanns tale frå En folkefiende - frå Kristian Fr. Figenschow i Ragnar Olsens nordnorske omsetjing og med den engelske teksten på storskjerm, fekk dei grundig omvising i HTs nye og flotte teaterbygg - og med det innblikk i både teaterhistoria, språkpolitikken og dei kunstnariske vala og utfordringane, den daglege drifta - og ikkje minst førebuingane til haustens kjempeoppsetjing Les Miserables.
Eit svært interessert publikum såg ut til å vera godt nøgde med ein slik start på konferansen.
Som går føre seg til laurdag - med eit innhaldsrikt program både på dag- og kveldstid. Parallelle sesjonar og keynote speakers - mellom dei den verdskjende forfattaren Nuruddin Farah frå Somalia/Sør-Afrika og professor Martin Puchner frå Harvard - utstillingar og konferansens "gåve til byen"; ein samtale mellom Farah og medievitar og afrikaspesialist Helge Rønning på Tromsø bibliotek onsdags kveld.
- Og alt er ope for alle, understrekar organisasjonskomiteen.
![]() |
| Kristian Fr. Figenschow talte til forsamlinga - som dr. Stockmann. |
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)


