Ulike forståingar av sosialt ansvar
Kva inneber dei mykje brukte omgrepa "inkluderande arbeidsliv" (IA) og "verksemdenes sosiale ansvar" (VSA)? Ein ny studie syner at desse omgrepa rommar ulike forståingar.
![]() |
| Kari Folkenborg arbeider no ved Arbeidsforskningsinstituttet. Foto: Quang van Nguyen |
I arbeidet med å hindre fråfall på arbeidsmarknaden er rolla til arbeidsgjevar vorte viktigare, og i denne studien blir VSA sett på som eit sentralt aspekt ved personalpolitikken til veksemdene. Men kva vil det eigentleg seia at ei verksemd tar sosialt ansvar?
- Min studie viser at dei subjektive forståingane av konseptet langt på veg søkjer å samsvare med offentlege intensjonar frå styresmaktene, men at forståingane er ulike når det kjem til spørsmålet om kva som er kjerna i konseptet, seier sosiolog Kari Folkenborg, som førre veke disputerte på avhandlinga "En livboja rundt Kalle": om forståelser av virksomhetenes sosiale ansvar.
Avhandlinga gjev innsikt i kompleksiteten ved dette sosiale ansvaret og dei utfordringane ein står overfor når overordna målsetjingar - som alle er samde om - skal setjast i verk på verksemdsnivå.
- Dei subjektive uttrykka står i motsetnad til offisielle verkemiddel som kvotar og rapporteringskrav. Desse er meint å fremja sosial ansvarlegheit og inkludering, fordi rapportering blir sett på som ein del av krava frå eit politisk-administrativt nivå. Men kjerna i konseptet er vanskeleg å regulere fordi den i stor grad blir bestemt av dynamikken på gruppenivå i arbeidsorganisasjonen og av tillitsrelasjonar mellom leiarar og tilsette.
Dilemma i det resultatorienterte arbeidslivet
- I det som blir opplevd som eit stadig meir resultatorientert arbeidsliv opplever mange eit dilemma: Avstanden mellom det som kan målast og det som ikkje kan målast og rapporterast om når det gjeld livet i ein arbeidsorganisasjon, seier Folkenborg.
- Viktige aspekt ved arbeidsmiljøet kan forsvinne. Verksemdenes sosiale ansvar blir knytt til spørsmål om lønnsemd, samstundes som det er eit ønske om å plassere spørsmålet utanfor ein administrativ logikk og utanfor forretningsmessige prinsipp. Det eksisterer såleis ulike logikkar og samtidige forståingar som legg føringar og skapar spenningar når det gjeld korleis sosialt ansvar skal forståast og praktiserast.
Skandinavisk komparasjon
Empirien til studien har Folkenborg henta gjennom intervju med dei tilsette i dei nasjonale statistikkbyråa i Noreg, Sverige og Danmark.
- Det er mange likskapstrekk mellom verksemdene: Dei er lokaliserte i like type velferdsstatar - om ein tenkjer på den skandinaviske modellen for velferd og arbeid.
- Intervjupersonane snakka likt om verdiar som viktigheita av jobbtryggleik og familievenlegheit, sjølv om dei nasjonale regelverka varierer mykje på desse områda. På område der lover og reglar er dei same, var det forskjell på korleis intervjupersonane definerte sosialt ansvar. I den svenske verksemda vart for eksempel likestilling mellom kjønn inkludert i definisjonen av verksemdas sosiale ansvar, avsluttar Folkenborg.
Les heile avhandlinga i Munin.
.jpg)


