Etablerer nytt hierarki under ungarske substantiv

Éva Dékány har i doktoravhandlinga si sett på korleis ungarske substantiv oppfører seg i ulike språklege omgjevnader. Ho meiner det er fire underliggjande faktorar som påverkar hierarkiet i desse omgjevnadene.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.05.12 00:00 Oppdatert: 09.05.12 15:17

Éva Dékány disputerer på ei avhandling om
ungarske substantiv og deira modifikatorar.
Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Dei fire faktorane er kopling til semantikk, kopling til fonologi, samsvarsbøying og linearisering - altså rekkjefølgje.

- Det nye, teoretiske bidraget eg gjer med avhandlinga mi, er måten eg set saman hierarkiet på. At desse faktorane påverkar substantivet er på ingen måte ukjend, men eg argumenterer på ein ny måte for korleis hierarkiet blir bygd opp, seier Dékány.

- I tillegg har eg bidratt til studiet av ungarsk ved å sjå empirisk på område ved substantivbruken som har vore lite studert tidlegare.

Vart inspirert av postposisjonar

For å finne fram til dette hierarkiet har Dékány granska dei såkalla modifikatorane til substantiv - slik som til dømes adjektiv og ulike pronomen.

Ho vart direkte inspirert til avhandlingsproblematikken etter eit seminar om postposisjonar.

- I motsetnad til norsk er ungarsk full av såkalla klassifikatorar og postposisjonar, altså det motsette av preposisjonar, og sidan både postposisjonar og klassifikatorar er substantivmodifkatorar, fann eg ut at dét måtte eg berre forske på, fortel Dékány.

Les heile avhandlinga i Munin.

 

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.05.12 00:00 Oppdatert: 09.05.12 15:17
Vi anbefaler