Forsking i universitetsskolane gjev tredobbel utteljing

Den nye satsinga på universitetsskolar ber allereie frukter - for forskaren, for studenten og for skulen. Lærarutdanninga i Tromsø har eit kvalitativt fortrinn.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 18.03.12 00:00 Oppdatert: 20.03.12 09:01

HildeSollid.JPG
Professor Hilde Sollid.
Foto: Torjer A. Olsen

Det meiner professor Hilde Sollid, rektor Jill Solheim-Nilsen og lærar Truls Nordby ved Gyllenborg skole og lærarstudentane Iselin Antonsen, Vegard Dørum og Kirsti Wester Amundsen.

Forskar med utgangspunkt i Kunnskapsløftet

Hilde Sollid er professor i nordisk språk og oppteken av språkleg mangfald. Ho fann ut at universitetsskoleprosjektet passa midt i blinken for hennar forskingsspørsmål.

- I Kunnskapsløftet er språkleg toleranse og mangfald framheva som viktige verdiar, og eg spurde meg sjølv: Korleis gjer me det? Korleis formidlar me det, korleis forskar me på det i klasserommet?

I samarbeid med lærarutdanninga og universitetsskoleprosjektet har ho difor no over lengre tid følgd to femteklassar på Gyllenborg skole. Ikkje berre i norsktimane, men mest mogeleg i alle fag - og i utetida.

- Eg er oppteken av den sosiale konteksten det språklege mangfaldet til elevane utspelar seg i, seier Sollid.

- Kva for initiativ tar dei for å nærme seg språklege emne, korleis snakkar dei om språk? Korleis brukar dei den språklege kreativiteten og det språklege repertoaret sitt? Eg snakkar først og fremst med elevane, men også om språk med dei, fortel ho.

HildeS2 (640x397).jpg
F.v. studentane Iselin Antonsen og Kirsti Wester Amundsen
(1. år), lærar Truls Nordby, professor Hilde Sollid, rektor
Jill Solheim-Nilsen og student Vegard Dørum (2. år).

Studentane er med - i forskinga og på skolen

Heile tanken bak universitetsskoleprosjektet er at trekanten forskar-skole-student skal arbeide saman. Difor tar Sollid studentane med til skolen.

- Det første me gjorde var å ha ordinær undervsning for studentane der - saman med lærarane på Gyllenborg. Det var ein spenannde seanse, seier Sollid.

- Og veldig matnyttig for oss. Det blir mykje teori i klasserommet, men timen på Gyllenborg, der lærarane også vart med i samtalen, sette for min del i gang nye refleksjonar rundt dei omgrepa me brukar, seier andreårsstudenten Vegard Dørum.

Og studentane blir involverte også på andre måtar. Sollid planlegg saman med studentane intervju av elevane - som eit mini-forskingsprosjekt - og ved å vera til stades i klasseroma og med elevane på Gyllenborg fangar dei opp tema og problemstillingar som studentane i neste omgang kan skrive bachelor- og masteroppgåver om.

- Det er absoluttt både spennande og relevant for oss, seier førsteårsstudent Iselin Antonsen.

Sollid understrekar også korleis det overordna temaet - språkleg mangfald - er direkte relevant for lærarstudentane.

- Dialektkunnskap, tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, tilhøvet til framandspråk og engelsk i norsk - alle desse sentrale emna i norskfaget handlar også om språkleg mangfald, seier Sollid.

Språkleg mangfald på Gyllenborg

I samarbeid med universitetsskoleprosjektet valde Sollid Gyllenborg skole mellom anna av di fleire elevar der har framandspråkleg bakgrunn.

- Men først var eg redd ho kom til å bli skuffa - at det var for lite språkleg mangfald her, seier lærar Truls Nordby.

- Men Sollid har utvida oppfatninga vår av det, og fått oss til å tenkje på korleis bruk av språk har med grunnleggjande ferdigheiter å gjera. Til dømes er me no meir opptekne av den munnlege bruken av språket, og korleis me kan bli meir presise i tilbakemeldingane våre, seier Nordby.

Noko førsteårsstudent Kirsti Wester Amundsen er samd i.

- Det blir så lett fokus på det skriftlege og lett å gløyme kor viktig det munnlege språket og språkbruken er for identitetsforståing, seier ho.

- Og me gløymer av og til kva for ressurs dei fleirspåklege elevane er, og at den kan brukast i undervisninga, seier Nordby

- Flott at nokon vil forske i barneksolen

Også rektor er svært fornøgd med universitetsskolesatsinga.

- Dette er ein unik sjanse for oss til å få fagfolk direkte inn, og lærarane får noko att for det. Me har tidlegare følt at lærarutdanninga har vore litt fjernt frå oss, men no arbeider me saman. Berre det at nokon vil forske på tema i barneskolen er flott, seier rektor Jill Solheim-Nilsen på Gyllenborg.

- Og for meg som lærarutdannar er dette viktig - at lærarar og studentar møtest og utveklsar erfaringar. Og håpet er at studentane tar erfaringane og den forskande tilnærminga med seg inn i lærararbeidet, seier Sollid.

Les også:

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 18.03.12 00:00 Oppdatert: 20.03.12 09:01
Vi anbefaler