Livet på Trastad gård var strengt

Bjørn-Eirik Johnsen har undersøkt korleis dei som budde på Trastad gård, Nord-Norges åndssvakehjem, oppfatta kvardagen sin. Tilbakemeldingane er eintydige - det var strengt!

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 12.03.12 00:00 Oppdatert: 12.03.12 10:21

Bjørn-EirikJohansen (640x590).jpg
Bjørn-Eirik Johnsen har både jobba og forska
på Trastad gård.
Foto: Kjetil Nilsen, Høgskolen i Harstad

- Mine informantar hadde stort sett dårlege erfaringar, særleg med avdelingane der dei budde. Dei som fekk skule- og aktivitetstilbod var positive til dét, men det var særleg dei negative erfaringane frå avdelingane dei trekte fram, seier Johnsen.

- Berre éi av dei eg intervjua sa at ho trivdest og fekk vener på Trastad.

"Åndssvakehjem" for heile Nord-Noreg

Bjørn-Eirik Johnsen disputerte torsdag på avhandlinga si om pasienterfaringar frå Trastad gård, ein institusjon der han sjølv arbeidde som vernepleiar dei siste åra før den vart nedlagt formelt i 1991.

Trastad vart oppretta i 1954, då som einaste tilbodet i landsdelen. Pasientane var ungar og unge med alle type lidingar som dåtida oppfatta som "åndssvake".

- Det var lite anna enn oppbevaring. Nesten ingen møblar, ingen leiker, kvite frakkar. Som ein ung tilsett sa det: "Det var som å koma inn i ein overfylt elendigheit".

trastad.jpg
Trastad gård. Foto: Sør-Troms museum.

- I dei første par tiåra vart alle i utgangspunktet underlagt same regimet i den praktiske kvardagen. Buavdelingane vart stengde klokka sju, og då måtte alle vera innelåste resten av kvelden. Kom dei av ein eller annan grunn for seint, kunne det hende dei måtte sitja ute. Ingen slapp dei inn. Dei fekk ikkje sjølve besteme når og kva dei skulle sjå på tv, kor mykje mat dei skulle få eller når dei fekk kaffi.

- Difor er det ikkje til å undrast over at mange oppfatta kvardagen som streng. Med trussel om sanksjonar - som isolat og reiming - om ein ikkje følgde dei rigide reglane. Det var eit trusselregime, fortel Johnsen.

Flytte attende? Aldri!

Både pårørande og dei tilsette meinte at forholda på Trastad betra seg etterkvart, både i form av meir fleksible reglar, meir utstyr og inventar og varierte aktivitetstilbod. Midt på 80-talet var det fire heiltidstilsette i fritids- og kulturavdelinga.

Heile undersøkinga til Johnsen er gjort i ettertid - mellom 15 og 20 år etter at Trastad vart nedlagt og bebuarane flytta heim til eigne kommunar.

- I ei slik undersøking må ein sjølvsagt ta høgde for at minnet og opplevingane til dei som budde der, dei som jobba der og dei pårørande kan ha endra seg med tida. Dei har også fått ulike erfaringar i tida etter Trastad. Men på direkte spørsmål til brukarane, om dei nokon gong ville flytte attende dit, er svara kontante: Nei!

Les heile avhandlinga i Munin.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 12.03.12 00:00 Oppdatert: 12.03.12 10:21
Vi anbefaler