Nordiske dialektar online!

Pressemelding fra Universitetet i Tromsø.

Solbakk, Mona
Publisert: 22.11.11 00:00 Oppdatert: 22.11.11 15:59

Den første fellesnordiske dialektsamlinga nokonsinne vert lansert førstkommande torsdag. Databasen Nordisk dialektkorpus – Nordic Dialect Corpus er ei elektronisk samling med lyd- og videoopptak med personar frå over 200 stader i heile Norden.

Førebels er samlinga adgangskontrollert av personvernomsyn og mest tilrettelagt for forskarar og andre fagpersonar. På sikt vil det bli utvikla ein delvis open versjon retta mot eit generelt publikum. 

Torsdag 24. november blir databasen lansert under konferansen 14. Møte om norsk språk ved Universitetet i Tromsø. Lanseringa finn stad på bokhandelen Akademisk Kvarter kl. 17.30 og språkrådsdirektør Arnfinn Muruvik Vonen og instituttleiar Endre Mørck (UiT) vil delta med helsingar.

Nordisk dialektkorpus er ei elektronisk samling av lyd- og videoopptak med personar frå over 200 stader i heile Norden, i første omgang med vekt på Noreg, Sverige og Danmark. Dette er med det den første fellesnordiske dialektsamlinga nokonsinne, og til skilnad frå tradisjonelle arkiv, er den søkbar over internett. Opptaka er transkriberte og datalingvistisk handsama, og ein kan såleis søka både på ordformer og på grammatiske kategoriar samt på ulike former for ikkje-språkleg informasjon (kjønn, alder, geografi med meir). Databasen legg dessutan til rette for ei rekkje forskjellige måtar å handsama søkjeresultata i etterkant, slik som sortering, statistiske oversyn, kartografisk visning og anna. Databasen er med det eit særs avansert og nyttig forskingsverktøy for forsking på nordisk talespråk. 

Nordisk dialektkorpus er vorte til som eit resultat av det nordiske samarbeidsprosjektet Nordisk dialektsyntaks der ti grupper frå alle dei nordiske landa har samarbeida. Nettverket har vore leia frå Universitetet i Tromsø, og forskargruppa ved Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo har hatt hovudansvar for den tekniske utviklinga av korpuset. Samarbeidet har fått løyvingar frå ei rekkje hald, mellom anna NOS-HS, NordForsk, Noregs forskingsråd, Universitetet i Oslo og Sparebank i Nord-Norge. 

Kontaktpersonar:
Øystein A. Vangsnes, Universitetet i Tromsø – 77 64 57 42 / 992 50 658
Janne B. Johannessen,  Universitetet i Oslo – 22 85 68 14 / 928 966 34

 

Nettsider:
https://uit.no/scandiasyn
http://www.tekstlab.uio.no/nota/scandiasyn/index.html

Solbakk, Mona
Publisert: 22.11.11 00:00 Oppdatert: 22.11.11 15:59
Vi anbefaler