Diktbok frå universitetsmiljø

Henning Howlid Wærp er professor i nordisk litteraturvitskap - og produktiv skjønnlitterær forfattar. Tidlegare i år gav han ut romanen E8, medan no kjem diktsamlinga En avhandling kanskje, om noe vakkert. Gyldenlær.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 17.11.11 00:00 Oppdatert: 23.11.11 13:27

Wærp er sjølv litteraturforskar og har mellom anna skrive doktoravhandling om naturlyrikk og redigert ein antologi om prosadikt i Noreg.

HenningHWles (640x428).jpg
Det er forfattaren sjølv som les. Under lanseringa på
Akademisk kvarter. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

- Her er ikkje så mykje læredikt, men lærardikt, fortel han, før han les dikt om snøvintrar i Tromsø der dekanar et solbollar på fakultetstaket, om vaktmeistrar, kontorsjefar, stipendiatar, forfattarar, forskarar - og kona.

Til stor begeistring for den talrike  forsamlinga under lanseringa på Akademisk kvarter.

Søringar i Nord-Noreg

Henning Howlid Wærp kom ikkje unna kollega Nils Magne Knusten si kategorisering, når han på lanseringa gav eit innblikk i feltet "søringar nordpå - i litteraturen".

- Det er to hovudkategoriar av søringar nordpå i litteraturen - begge med til dels stor underhaldningsverdi. Den første er dei arrogante skeptikarane, den andre er dei entusiastiske svermarane. Henning Howlid Wærp høyrer til dei siste, kunne Knutsen slå fast.

Knutsenomsøringar (640x428).jpg
Nils Magen Knutsen skildra korleis søringar
er nordpå - i litteraturen.

- Der sure søringar byr på nordlendingar - på deira bekostning - byr Henning på seg sjølv. Og der søringar alltid må ha med ein eller annan frivol nordlending, byr Henning på humor og frivolitet på eiga rekning.

Lykkeleg av å lesa boka

- Det er utruleg mykje elendigheit i norsk litteratur, og då er det herleg med denne boka til Henning - ein blir lykkeleg av å lesa desse dikta, slo Knutsen avsluttande fast.

 

EilertsenKnutsen&Wærp (640x356).jpg
Forlagsredaktør i MARGbok, Jens Harald Eilertsen, søringkarakteriserar Nils Magne
Knutsen og forfattar Henning Howlid Wærp.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 17.11.11 00:00 Oppdatert: 23.11.11 13:27
Vi anbefaler