Kan bli strengare opptakskrav til PPU

Mastergrad skal vera opptaksgrunnlag for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), foreslår det nasjonale utvalet som arbeider med rammeplanar for lærarutdanningar. Det er eit mykje strengare opptakskrav enn i dag.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 02.11.11 00:00 Oppdatert: 04.11.11 16:52

I dag er minstekravet for å få opptak til PPU tre års studium utan anna krav til fagleg fordjuping ein ei 60 studiepoengseining i eit skulefag. Ein treng altså ikkje ha ein bachelorgrad, langt mindre ein mastergrad.

Samstemmig utval førebudd på motstand

- Det overordna målet med lærarutdanningsreformane som no går føre seg, er å betre og sikre kvaliteten på lærarutdanningane og med det lærarane. Og når me skal utdanne lærarar til dei høgste trinna i skulen, er det nødvendig at me sikrar den høgste faglege kvaliteten på desse. Universitets- og høgskulesektoren må ta ansvar for kva det vil seia å vera lærar, understrekar leiar av rammeplanutvalet, prodekan Hans-Kristian Hernes ved HSL-fakultetet.

Julia&HK1 (640x429).jpg
Julia Holte Sempler og Hans-Kristian Hernes

Utvalet foreslår også fleire opptakskrav til PPU: Søkjaren må ha karakteren C i alle skulerelevante fag og minst to undervisningsfag i ungdomsskule og/eller vidaregåande skule i mastergraden sin. Hernes fortel vidare at utvalet er samstemmige i dette framlegget - som vart vedteke på siste utvalsmøte 19. oktober - men at dei er førebudde på motstand.

- Det vil vera vanskeleg å gjennomføre det nye opptakskravet utan fleirårige overgangsordningar, og mange institutsjonar vil miste potensielle PPU-studentar. I dag er det berre ca 20 prosent av PPU-studentane som har ein mastergrad. Men utvalet er innstilt på å gjera store grep for å sikre ei kvalitetsheving, fortel Julia Holte Sempler i utvalssekretariatet.

Rammeplanutkast til drøfting i februar

Utvalet skal i februar ha klart eit utkast til rammeplanen for PPU, 5-årig integrert lektorutdanning og 4-årig integrert adjunktutdannnig. Dei vil då arrangere ein konferanse der aktuelle aktørar og partar kan vera med og drøfte innhaldet, før den endelege versjonen blir levert til departementet 1. juni. Difor ønskjer utvalet å gjera vedtaka sine kjende så tidleg som råd, slik at alle interesserte partar får høve til å setja seg inn i framlegga.

Les også: Nasjonalt lærarutdanningsutval til Tromsø

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 02.11.11 00:00 Oppdatert: 04.11.11 16:52
Vi anbefaler